Cook Islands

  • Cook Islands / Cookøyane er ei øygruppe i Stillehavet nordaust for New Zealand.
  • Øygruppa består av 15 små øyer med rundt 18 000 innbyggjarar, og er eit sjølvstyrt, parlamentar- istisk demokrati assosiert med New Zealand
  • Offisielle språk er engelsk og Cook Islands Maori.
  • Hovudstaden heiter Avarua, og ligg på den største øya i øygruppa, Rarotonga.
  • Sjølv om rundt 9 500 av øybuar- ane held til på Rarotonga, er dette ei lita øy på kun 32 kilometer i omkrets.
  • Øygruppa er eit populært feriemål med over 100 000 besøkande kvart år.

Tekst: Rønnaug Larsen, Norsk Farmasøytisk Selskap

Rarotonga Hospital er det største sjukehuset på øygruppa, og ligg på Hospital Hill i hovudstaden Avarua på Rarotonga. Sjukehuset har 80 senger fordelt på ti avdelingar (inkludert poliklinikkane) mellom anna medisinsk, føde- og barsel, operasjon, gyn og røntgen, og rundt 100 tilsette. Det er sjeldan fullt belegg på sengepostane, men fordi sjukehuset òg fungerar som tilbod innan primærhelsetenesta kan det likevel vere ganske travelt. Øybuarane kan komme til sjukehuset, skrive seg inn i resepsjonen og vente på tur for å få treffe ein lege. I tillegg har sjukehuset poliklinikkar der hjarte-, diabetes- og astmapasientar kjem jamleg for oppfølging og kontroll.

Stadig utskifting av helsepersonell
Alle pasientane snakkar engelsk, sjølv dei som brukar maori heime. Sidan Cookøyane har sjølvstyre i assosiasjon med New Zealand, får alle øybuarane automatisk newzealandsk statsborgarskap, og med dette rett til legebehandling der. Noko dei som har råd til å reise dit, gjerne nyttar seg av når dei vert veldig sjuke.

Det er mange grunnskular på øya, men på grunn av det vesle folketalet er det få, om ingen, institusjonar for vidareutdanning. Mange lokale har difor gjerne utdanna seg på Fiji. Mykje av det utdanna helsepersonellet ved sjukehuset kjem utanfrå. Dei fleste legane kjem til dømes frå Asia (Myanmar/ Burma, Filippinane) eller omkringliggande øyer som Tonga, Samoa og Fiji. Helsepersonell frå New Zealand eller Australia kjem oftast som frivillige, og er gjerne sponsa av religiøse organisasjonar. Mange vert nokre år, men slår seg ikkje til. Og det er difor ei stadig utskifting av personell. Det er planar om å gjenopprette ei sjukepleiarutdanning ved sjukehuset – noko som vil gjere at fleire lokale kan ta utdanning og gjere personalet meir stabilt.

I Cookøyane sitt helseministerium er det ei eiga apotekavdeling leia av ein sjefsfarmasøyt, som har ansvaret for legemiddelforsyninga i landet. Ikkje berre til øysjukehusa, men òg til resten av innbyggjarane. I tillegg til sjefsfarmasøyten er det fem tilsette. Tre av desse har arbeidd der i 15 til 20 år, men berre ein har farmasiutdanning (frå Fiji). Dei to siste har nettopp byrja og har inga utdanning.

Det har vore nærmast årlege utskiftingar av sjefsfarmasøyten. Noko som sjølvsagt er frustrerande for dei tilsette som er att. Nokon kjem, innfører mykje nytt, og reiser att før dette er skikkeleg implementert. Så kjem det ein ny sjef som innfører andre ting og som så reiser att etter relativt kort tid. Konsekvensen av dette er sjølvsagt at det ikkje alltid er så stor entusiasme for innføring av nye rutiner.

Kreativitet nødvendig
Då Tone kom dit i starten av januar, var sjefsfarmasøyten ein pensjonert apotekar frå New Zealand, Neville Puckey. Han hadde vore der rundt eit års tid og reiste attende til New Zealand i april (2010). Før han hadde ein norsk provisorfarmasøyt, Inge Valle Tangen, vore der i litt over eitt år. Og før det att hadde dei ein svenske i eit års tid. I skrivande stund er det tilsett ein relativt erfaren farmasøyt frå Kiribati, og håpet er at han vert i meir enn eit par år.

Sidan det allereie var ein sjefsfarmasøyt i helseministriet då Tone kom, arbeidde ho for det meste på sjukehusapoteket og saman med anna helsepersonell ute på avdelingane. Her vart ho eit mellomledd mellom apotekavdelinga og sjukehusavdelingane, og kunne mellom anna hjelpe til med å finne ut kva helsemateriell (inkl.legemiddel) som kunne skaffast, eventuelt kva det kunne erstattast med. Sjukehuset fekk med ujamne mellomrom besøk av spesialistar. Aktuelle undersøkingar og operasjonar vart gjerne samla opp til slike besøk. Dessverre var ikkje alltid kommunikasjonen mellom sjukehuset og apotekavdelinga like oppdatert når det gjaldt slike besøk, så det hende ein måtte være kreativ for å få tak i utstyr. I tillegg dreiv Tone med undervisning og arbeidde for å få innført skriftlege rutinar på avdelingane.

Ho starta opp ein legemiddelkomité for sjukehuset og prøvde å få laga behandlingsprotokollar gjennom komiteen. Det var òg ynskje om ein legemiddelkomité som gjeld for heile landet slik at det er eitt forum der ein kan diskutere/bli einige om behandlingsregime, men dette rakk ho ikkje å få i stand.

Namneforvirring
Sjukehusapoteket har ope måndag–fredag kl. 8–16 og laurdag–søndag kl. 8–12. Alle avdelingar har eigne medisinrom og treng sjeldan leveransar utanom opningstidene. Sjølv om Cookøyane har eigen apotekavdeling i helseministeriet, så eksisterer det inga lovregulering for legemiddelhandsaminga. Difor trengst det lovmessig sett ikkje å vere farmasøyt til stades på sjukehusapoteket i opningstida.

På Rarotonga, som i mange andre land, vert ikkje legemidlane levert ut i ferdigpakningar, men dispenserast frå bulk. Tablettane vert levert ut i den mengda som er angjeve på resepten (dersom det ikkje er knapt med medisin), og for maksimalt tre månaders forbruk. Legemidla vert levert ut gratis frå sjukehusapoteket etter at pasienten har betalt ein eigendel på sju dollar (35 kroner) for legetenesta.

Sjukehuspoteket ekspederer om lag hundre reseptar for dagen, og har ei datamaskin der reseptane vert registrerte i reseptregistreringsprogrammet Toniq (det same som vert nytta på New Zealand). Programmet syner resepthistorikk eitt år tilbake, men litt forvirrande er det sjølvsagt når kvinner og menn relativt ofte kan ha det same fornamnet (i tillegg til at etternamnet også er likt).

Grossistutfordring
Etter at Neville Puckey slutta, vart arbeidet til Tone meir konsentrert til hovudapoteket som ligg i same bygg som helseministriet. Apotekvarene (inkl. legemidla) til Cookøyane vert bestilt inn av og levert til hovudapoteket. Bestillingar frå sjukehusapoteka og andre medisinlager på øyane vert sendt til hovudapoteket som så distribuerer desse ut.

Sjefsfarmasøyten godkjenner og sender bestillingene, medan dei andre tilsette bemannar lageret og distribuerer varene. Dei rullerer mellom å jobbe på hovudapoteket og på Rarotonga Hospital sitt sjukehusapotek. Hovudapoteket generer bestillinger for fem månaders forbruk, som så vert sendt på anbod til tre–fire grossistar i Australia og New Zealand. Grossisten med det beste (billigaste) tilbodet får tilslag. Dette kan ta litt tid blant anna av di grossistane ikkje har fullsortiment og sjølve må sjekke prisar frå leverandørar før dei kan gje tilsvar på anbod. I tillegg risikerer ein at grossisten ikkje lenger har varene på lager når dei endeleg får tilslaget. Og då går ein gjerne tom for legemiddel og må hastebestille – noko som igjen er dyrt, og her som andre stader må ein følgje budsjett. Tone jobba for å få endra systemet til ein preferert grossist, som då kan lagerføre aktuelle varer, gje sjukehusapoteket raske leveringar og eventuelle rabattar, og ikkje minst ha ein høg leveringsgrad. Dette høyrest kanskje enkelt utå få til, men byråkrati har dei på Rarotonga som andre stader. I tillegg oppretta ho kontakt med eit av dei private apoteka i Avarua, slik at ein lettare kunne samarbeide ved eventuelle restsituasjonar. Det er to privateigde primærapotek og eit medisinutsalg på Rarotonga.

Må tenke kontinuitet
Som frivillig har ikkje Tone trengt å jobbe fulltid og har hatt noko tid til å nyte den sjarmen som Rarotonga og andre Cookøyar har å by på. Og, ikkje minst, ta seg av langvegsfarande besøk.

I desse dagar har Tone returnert til full fres i apotekarjobben i Mosjøen. På spørsmål om kva som er den største lærdomen frå opphaldet svarar ho: – Ting tek tid!! Eg trudde eg skulle få gjort mykje meir på sju månader. Men det tek tid å verkelig forstå ein ny kultur og korleis ein må gå fram for å få til varige endringar der det trengst mest. Dersom ein verkeleg ynskjer å bidra er det viktig å tenke kontinuitet – at det ein gjer skal kunne fortsette sjølv etter at ein har reist heim. Dette er noko ein har blitt meir og meir merksam på innan hjelpearbeid. Uttrykket sustainability (berekraftig) nyttast ofte om dette. For å lykkast må dei ein gjev råd til forstå kvifor endringane er gjort, sjå nytta av endringane og få eigarskap til endringane. Ideelt sett bør ein difor engasjere seg over lengre tid, være tålmodig og ha realistiske forventningar – men ein kjem òg langt med engasjement!

(Publisert i NFT nr. 9/2010 side 34–35.)