Jorunn Samset

Alder: 28 år

Sivil status: Sambuar

Utdanning: Cand.pharm. frå UiO

Arbeidsstad: Merck Serono

Favorittmedisin: Under Grønlandsturen var det Imodium!

Favorittfarmasøyt: Eg har faktisk ingen.

Kvifor eg ikkje er NFF-medlem: Eg var studentmedlem, men då eg byrja å jobbe i industrien, fekk eg tips om at Tekna var staden for meg – eit råd eg har følgd. Eg skulle gjerne vore dobbeltmedlem, men synest det blir for dyrt.

Kvifor eg vart farmasøyt: Det var nok interessa mi for realfag som leia meg hit.

Aktuell som: Har nyleg kryssa innlandsisen på Grønland med ski og pulk.

To veker seinare er ho og dei ti reisekompanjongane hennar vel framme på austsida. Fridtjof Nansen var i 1888 førstemann til å dokumentere denne overfarta, men han gjekk frå aust til vest. Og brukte 46 dagar. Utan satellittelefon. Utan reiseblogg. Rekorden er åtte dagar og ni timar. Gruppa til Jorunn Samset brukte fjorten dagar og seksten timar.

— Dagens eventyrarar brukar normalt 22 til 25 dagar på å krysse Grønland. Men vi var ei ganske ung og treningsmessig samkøyrd gruppe som hadde planlagt å gå fort og med lett utstyr. Vi var i tillegg heldige med vêret og slapp å liggje vêrfast, fortel ei no sommarkledd romsdalsjente attende heime i Oslo.

Dei fjorten dagane bestod av ti effektive timar skigåing per dag med ei snittfart på fire kilometer per time.

— Vi er nøgde med det, smiler Samset.

Hardtreninga gav utteljing. Dei byrja planlegginga av turen allereie for eitt og eit halvt år sidan og har trena systematisk sidan då. Kvar måndag har dei til dømes dratt bildekk frå Bogstadvannet til Tryvannstårnet i Nordmarka. Og på sett og vis fekk ho nytte farmasøytkompetansen sin også:

— Eg skjøtta sjølvsagt legemiddellageret som bestod av både lette og sterke smertestillande, betennelsesdempande, augedropar, diverse antibiotika, legemiddel for luftvegsinfeksjonar og Imodium. Utan tilgang til lege og sjukehus i nærleiken gav nok kompetansen min oss ein viss tryggleik. Men mest nytte hadde eg av logistikk- og planleggingsevnene mine.

— Ein svært rigid plan styrte nemleg turen, heilt ned til nøyaktig kor mange kaloriar vi skulle ete, kva tid vi skulle sove og stå opp, seier ho.

Og dagen? Klokka fem står gruppa opp, kokar opp vatn til frukostblandinga, ordnar seg og pakkar ned telt og utstyr i pulkane. Så går dei ein time. Så pausar dei i ti minutt, der dei fyller på energi i form av sjokolade og nøtter. Så går dei ein time til, og slik held dei på i fem økter fram til lunsj. Rytmen vert gjenteke fram til middag, som er frysetørka mat tilsett ekstra kjøt og smør. På slutten av turen er energi-inntaket på over 5000 kaloriar per dag. (Ikkje rart Imodium-øskja forsvann!) Om kvelden brukar dei ein og ein halv time på å smelte snø til neste dag. 35 liter snø til to personar.

— Ganske militaristisk, med andre ord, ler Samset.

— Kvifor utsetje seg sjølv for eit slikt slit?

— Eg likar å gå på ski og vere på tur, koketterar ho.

— Bakgrunnen er naturlegvis samansett. Eg har gått på ein del høge fjell rundt om i verda, Kilimanjaro, Aconcagua og Elbrus, og ønska ei anna utfordring. Eg ville teste meg sjølv, sjå om eg takla ei så krevjande oppgåve. Å nå ein fjelltopp krev tolmod og kløkt. Å krysse Grønland krev fysisk og psykisk uthaldenheit på eit anna nivå, seier ho.

Testen bestod ho med glans. Farmasøyten hadde førebudd seg godt.

— Kva var høgdepunktet?

— Etter å ha vandra dagevis i isaudet, var det fantastisk å sjå fjell i horisonten att! I tillegg til isbjørnen vi fekk oppleve då vi var komne fram til bygda Isortoq på austsida.

Samset har fleire liknande draumar for framtida, men ingen ho vil avsløre no.

I mellomtida er det striskjorte og havrelefse som gjeld. Ho kom att frå Grønland ein fredag i slutten av mai. Påfølgjande måndag var ho attende på jobb som studiemonitor ifarmasøytselskapet Merck Serono. Akkurat no overvakar ho ein klinisk studie på kvinner som driv med prøverøyrsbehandling og ein kortstudie på responsen av orphanlegemiddelet Kuvan, som hjelper pasientar med Føllings sjukdom til betre livskvalitet.

— Å hjelpe marginaliserte grupper gir stor meining for meg, seier slitaren.

(Publisert i NFT nr. 6/2010 side 30–31)