Kirsten Austad

Alder: 48 år

Sivil status: Gift, tre barn

Utdanning: Reseptar frå HiO

Arbeidsstad: Helseøkonomiforvaltinga (Helfo)

Favorittmedisin: Antihistaminar. Dei gjer kvardagen veldig mykje lettare for veldig mange på denne tida av året.

Favorittfarmasøyt: Dei eg til ei kvar tid jobbar saman med, vil eg seie. Men må eg velje éin, er det Kalle Wærnhus, den andre apotekaren eg jobba for – ein stor inspirator!

Kvifor eg er NFF-medlem: Litt av gamal vane. Litt fordi eg kjenner tilhøyre til yrkesgruppa. Litt for å halde kontakt med faget.

Kvifor eg vart farmasøyt: Noko tilfeldig, slik dei fleste kvinner i min generasjon gjorde yrkesvalet sitt. Eg tok meg sommarjobb i apotek eit år; det var forlokkande nok.

Aktuell som: Nytilsett ved Helfos hovudkontor, eit foretak som stadig tilsett fleire farmasøytar.

For no har Helseøkonomiforvaltinga (Helfo) for alvor oppdaga farmasøyten. Før sommaren vil fem farmasøytar vere tilsett ved hovudkontoret i Tønsberg. Ved dei seks regionale kontora er dei om lag tjue i talet.

— Veldig morosamt! seier Kirsten Austad.

Sjølv har ho tjue år i forskjellige roller ved ulike apotek i Vestfold bak seg. Og etter eitt år som sjølvstendig ambulerande farmasøyt, valde ho seg Helfo. Stadig på søken etter nye utfordringar som ho er, hoppa ho i fjor haust over frå regionkontor sør til hovudkontoret. Der ho stortrivst.

— Hos Helfo får eg brukt faget på nye måtar, seier ho.

— Det likar eg.

— Vi har lett for å tenkje at farmasøytyrket avgrensar seg til apotek eller industri, men det finst mange av oss i offentleg forvalting. Både i Helsedirektoratet, hos Legemiddelverket og no jamvel i ein kommune – eit stort framsteg for faget! meiner ho.

Og så i Helfo, då.

— Eg set pris på at stadig nye arenaer opnar seg for oss. Og Helfo har eit distriktsvenleg tilsnitt også, understrekar ho:

— Medan dei andre alternativa til apotekarbeid stort sett ligg i Oslo, finn du Helfo på småstader: på Sola, i Ørsta, på Mo i Rana, i Fredrikstad og i Tønsberg – i tillegg til i Oslo. Og dette er berre regionkontora. Alle desse, utanom hovudstaden sitt, har fjernkontor også, kan ho fortelje.

Brorparten av farmasøytane ved regionkontora jobbar i seksjonen for stønad, men nokre også i oppgjersseksjonen. På hovudkontoret jobbar dei meir overordna; med klagesakshandsaming, rådgjeving – både internt og til farmasøytane ute i regionane – samt kontakt med legemiddelstyresmaktene.

— Farmasøytane held tak i alt som har med legemiddel å gjere, og det vert ganske mykje sidan store delar av verksemda omfattar nettopp legemiddel. Dette gjer jobben svært variert og veldig morosam!

— Farmasøyten på regionnivå er ein viktig medspelar når det gjeld søknader om individuell refusjon. Vart du ofte den snerpete trygdekontordama då du var regional rådgjevar?

— Før eg byrja, forventa eg i grunnen det og eg kan forstå at vi kan oppfattast slik utanfrå, men eg må faktisk svare nei. For frå innsida såg eg berre eit genuint ønskje om å hjelpe.

— Vi leiter først og fremst etter ein grunn til å seie ja, men innimellom vi seie nei. Slik er det berre.

— Å jobbe som rådgjevar på individuell refusjon var dessutan ein god måte å setje seg inn i dette regelverket på. Eg brukte mykje tid på å studere legemiddeldokumentasjon. Blant kriteria for å gje individuell refusjon er til dømes eit sterkt krav om dokumentert effekt. Elles er vi ikkje så opptatt av dokumentert sikkerheit som på førehandsgodkjend refusjon, det er meir den føreskrivande legen sitt ansvar. Og vi har ikkje mandat til å ta helseøkonomiske omsyn, legg ho til.

— Er refusjonsregelverket solid, synest du?

— Nei, regelverket er firkanta. Og det må det vere. Det finst hol og dei kan vi vere med på å tette. Justere. For så å finne nye hol vi skaper i prosessen med å tette dei andre. Eit kvart regelverk vil ha sine svakheiter, trur Austad.

— Dagens system har sine svake sider; det er ganske treigt og einskilde smågrupper fell utanfor. Helsedirektoratet har difor jobba fram eit utkast til ny refusjonsordning, der hovudjusteringa deiønskjer er å få inn ei vurdering av alvorsgraden til sjukdommen for å sikre at grupper som i dag fell utanfor ordninga vert ivaretatt.

— Kvifor er farmasøyten ein viktig medspelar i dette?

— Både Helfo, Helsedirektoratet og Legemiddelverket har mange juristar og økonomar i stallen, og det må vi ha, men utan farmasøyten vert ikkje biletet fullstendig. Farmasøyten kjenner til korleis preparata virkar, korleis dei kan brukast og på kven. Vi tek vare på faget.

— Og, for min eigen del som har jobba så lenge i apotek, så har eg det viktige pasientperspektivet. Det trur eg også er eit stort pluss.

(Publisert i NFT nr. 5/2010 side 32–34.)