Stein Bergan

Alder: 55

Sivil status: Gift, to barn, eitt barnebarn

Utdanning: Cand.pharm. frå UiO

Arbeidsstad: Avdeling for farmakologi, Oslo universitetssykehus

Favorittlegemiddel: Morfin. (Med atterhald om at eg ikkje har prøvd det sjølv, altså.) Ikkje berre held det stand så mange år etter at det kom. Det viser også kor lite marknadsføring eit godt legemiddel treng. Og det viser at det første legemiddelet i ein kategori ofte er det beste.

Favorittfarmasøytar: Det er dei unge som inspirerer meg aller mest, så eg må seie fire farmasøytar eg er eller har vore doktorgradsrettleiar for: Nils Tore Vethe, Sara Bremer, Randeep Mandla og Ingjerd Sæves.

Kvifor eg er NFF-medlem: Eg kjenner tilhøyre til yrkesgruppa.

Kvifor eg vart farmasøyt: Heilt tilfeldig. Vi var tre kompisar som sette oss ned og bladde gjennom studiekatalogen og søkte på det vi syntest såg minst uinteressant ut. Uti studiane trudde eg at eg hadde kome feil sidan det synte seg at alle medstudentane mine hadde apotekarmor eller -far.

Aktuell som: Leiar ved nye Avdeling for farmakologi, OUS

Men det får professor Stein Bergan, nyslått leiar for Avdeling for farmakologi ved Rikshospitalet, Oslo universitetssykehus (OUS). Og det gjer han i stand til å yte ganske mykje meir enn den norske gjennomsnittsarbeidstakaren.

Jobben hans er å hjelpe til med å finne rett dose med immundempande legemiddel for kvar enkelt transplanterte pasient. Forskinga hans er internasjonalt prisa. Men det har tatt tid å kome dit han er no.

— Etter utdanninga hadde eg 16 månader sivilteneste på Moss sjukehus. Der lærte eg mykje om norsk helsevesen. Og om korleis eit sjukehus fungerer og ikkje fungerer, fortel han.

Etter ein toårig sving innom Svaneapoteket i Moss, jobba han i ni år ved farmasøytisk avdeling på Sarpsborg sjukehus. Der vakna forskaren i han.

— Eg jobba tett saman med leger, sjukepleiarar og labfolk i eit svært inspirerande forskingsmiljø, noko som førte til at eg i 1989 kontakta Hans Erik Rugstad på Rikshospitalet med ein idé.

Rugstad og ideen opna døra til hans eige forskingsunivers på Therapeutic Drug Monitoring, som vert stadig større.

— I byrjinga av forskingskarriera mi var eg livredd for at eg skulle slutte å få idear til kva eg kunne forske på. Det viste seg fort at kunsten heller var å skilje dei gode ideane frå dei som mest truleg ikkje vart noko av. Ideane kjem i hopetal.

Frustrasjonen i dag er meir retta mot tendensen til stadig sterkare forskingsstyring.

— Satsing på spesifikke områder har sine gode sider, men utgjer også ein fare: I dag vert det ikkje gjort nok for å ta vare på moglegheita til å starte små forskingsprosjekt basert på gode idear som vi ikkje veit kor vil føre hen, men som kan gje oss ny, viktig kunnskap.

— Doktorgraden har blitt meir standardisert, noko som også kan vere bra, men som i tillegg er lite open og søkjande. Det at nokre brukar meir tid på ei masteroppgåve eller ein doktorgrad er ikkje nødvendigvis dumt!

— Elles må eg seie at doktorgraden er veldig skolerande for å drive forsking, legg han til.

Sjølv har han rettleia tre ferdige og tre doktorgradsstudentar som er i gang. To av dei ferdige fekk fast jobb på avdelinga. I eit fagmiljø som vert stadig større. Etableringa av OUS har og vil medføre store strukturendringar. Opprettinga av Avdeling for farmakologi er eit forsøk på å samle all farmakologiaktivitet ved dei fire sjukehusa som utgjer OUS under same paraply. No styrer Bergan seks ulike farmakologiseksjonar.

— I dag er avdelinga mi meir spredt enn dei fleste, fortel han.

Målet er å samle alle under, om ikkje eitt, så i alle fall to tak innan 2015.

— For vi må oppretthalde labverksemd både på Ullevål og Rikshospitalet, nær pasientane, seier Bergan.

Den første tida på Gaustad var han einaste farmasøyt på laboratoriet. I dag jobbar han saman med mange farmasøytar samt kliniske farmakologar, andre legar, bioingeniørar, ingeniørar, molekylærbiologar, sjukepleiarar og ernæringsfysiologar. Bergan skattar det tverrfaglege arbeidet og meiner farmasøyten er som skapt for det.

— Kva er dei faglege måla til den nye avdelinga?

— Å bli ei solid farmakologisk forskingsavdeling som tek det beste frå alle seksjonane og gjer oss alle endå betre. Vi starta opp i januar og erfaringsutvekslinga har allereie byrja. Potensialet er stort, meiner han.

— Korleis vil pasientane merkje innsatsen dykkar?

— Dagens pasientar er godt informerte, og dei kjem til å bli endåmeir skolerte. Men dei kan kome til å drukne i informasjonsflaumen, og der skal vi bidra. Vi skal vere informasjonsrettleiarar både til komande pasientar og legar.

— Og informasjonen vi gir om nokre år vil ikkje vere generell som i dag, men individualisert. Biomålingar vil hjelpe oss å vite meir om risikoen til kvar einskild pasient, så om få år vil vi kunne gje mykje meir presise råd og legemiddelbehandling enn i dag, seier professoren.

— Når det gjeld pasientane i våre forskingsprosjekt, dei transplanterte, så vil dei kan hende berre få kort behandling med immundempande legemiddel i det heile i framtida.

— Slik sett jobbar vi for å eliminere oss sjølve i denne seksjonen!

— Men innan den tid har vi nok andre oppgåver, for «personalized medicine» er framtida.

(Publisert i NFT nr. 3/2010 side 24–25.)