Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no



NFT nr. 1/2012

 

 

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

I medisinskapet: Lise Gulbransen

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

 

Ho er naturleg høgt oppe, både når det gjeld energi, humør og kreativitet. Omgjevnadene hennar hadde helst sett at ho sette til livs ein liten Valium eller ti under den store, årlege hendinga i midten av august. Men marknadssjefen for Oslo Jazzfestival handlar stort sett berre gnagsårplaster på apoteket. Til gjengjeld er ho storforbrukar av plaster denne veka kvart år. Ja, nærast som ein periodeavhengig å rekne.
- Vil dette seie at du ikkje eig eit medisinskap?
- Nei då, det gjer eg. Det står på rommet til dotter mi. Ho brukar det som CD-hylle.
- Så passande. Kva med årets artistar, finst det medisinskapkjære blant dei, trur du?
- Vanskeleg å spekulere i, men festivalen byr jo alltid på jazzlegender, då. Veteranar i bransjen. Desse artistane er ofte over 80 år, og då kan vi vel gå ut frå at dei har med seg ei eller anna pilleeske med sterkare innhald i bagasjen ...
- Når vi er inne på det. Sjølvmedisinering er ikkje eit ukjend fenomen i denne bransjen?
- Historisk sett har jazzmusikarar vore storforbrukarar både av pillar og andre rusmiddel, ikkje-legale så vel som legale. Vi har dessverre mista ein del dyktige musikarar til «eigen­medisineringa». Men dagens unge artistar er av ein annan sort. Dei går motsatt veg, dei; er vegetarianarar, avhaldsfolk og ­øyreproppbrukarar - ja, du høyrde riktig: Dei brukar øyre­proppar!
- Jøje meg, saman med «musikk er medisin»-myta kan vel dette i siste instans true legemiddelindustrien?
- Definitivt. På sikt vil legemiddelprodusentane få trøbbel. Dei bør byrje å førebu seg på nedgangstider allereie no. Sjå berre korleis alle kulturuttrykk i dag vert feira som helse­bringarar - heilt frå toppen av norsk politikk! Festivaltettleiken i Noreg er ekstrem, og eg trur det ligg ein statleg masterplan bak. På frukt og grønt har styresmaktene vald seg slagordet «fem om dagen». Kva vert tilrådinga på festivalfronten - fem i året?
- Vi får vente og sjå, men attende til musikarane. Kva råd vil du gje dei om korleis best skjule identiteten på apoteket?
- Når kjende artistar reiser, så reiser dei gjerne med ­pseudonym, så det må bli det same på apoteket: Bruk ­pseudonym!
- Og ein stor hatt, kanskje. Men det treng ikkje du, som berre handlar plaster og sårsalve. Kva pille tok du sist?
- Vitamin. Og B er favoritten, den har ein nedroande effekt.
- Finst det ei pille du vil åtvare mot?
- Eg hadde store søvnvanskar ein periode, og då prøvde eg og legen min forskjellige løysingar, blant anna eit kjend ­allergimedikament som skal verke søvndyssande. Det skal eg love deg at den pilla gjorde, men ho ga meg i tillegg dei mest sinnssjuke draumane! Eg unner ingen å måtte stå på den ­medisinen.


(Publisert i NFT nr. 7/8-2008, s. 6)