Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no

NFT nr. 6/2010

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C

 
  
Utgiver:

Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Bent Høie. Foto: hoyre.no

I medisinskapet: Bent Høie

NFT snuser i kjendisenes medisinskap.

Neste år feirer han ti år på Tinget, men det blir ein fest utan ­piller. Bent Høie (H) er nemleg ein rogalending med høg ­smerteterskel. Toleransen for handlingsvegrande politiske ­motstandarar er derimot svært låg. Den nye leiaren for ­Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget er lei fine festtalar om ­samhandling. No må det handlast, meiner han, og i det arbeidslaget vil han gje farmasøyten ei mykje større rolle enn i dag.

— Kva har du i medisinskapet ditt, herr komitéleiar?

— Å, det er fint lite! Ei pakke Ibux og kanskje litt paracetamol. Eg er stort sett frisk som ein fisk! skryt Høie med mistenkjeleg nasal stemme.

— Eg har høg smerteterskel, legg han forklarande til.

— Du har ikkje så mykje medisin å kaste heller, då?

— Ikkje i medisinskapet på hybelen min i Oslo i alle fall. Heime i huset mitt i Stavanger er situasjonen litt annleis. I ­vinter hadde eg og mannen min ein stor ryddeaksjon i samband med at vi pussa opp badet. Då kasta vi mykje medisin, og det var eit velassortert utval samla gjennom fleire år som gjekk tapt, informerer han.

— Gjekk tapt kor?

— I do, er eg redd.

— Men det var ikkje eg som kasta dei! Eg veit jo at det finst ei eller anna returordning for medisin og sånt.

— Å, kvar då?

— Nei, eg er ikkje heilt sikker faktisk.

— Dei tek imot på apoteket.

— Gjer dei det? Det var bra, sier Høie ettertenksamt.

Han har stor tru på apoteket, kan han fortelje.

— Eg er ikkje innom så ofte, og stort sett handlar eg som nemnd reseptfritt, men eg opplever dei apotektilsette som ­kunnskapsrike og som gode rettleiarar. Ei god teneste, ­apoteket, gjentek han.

— Du har kan hende ei favorittpille, om ikkje på eigne så ­kanskje på andre sine vegner?

Men han let seg ikkje lokke utpå.

— Nei, medisinar er viktige og bra der dei hjelp mot sjukdom, men eg vil på det sterkaste åtvare mot unødvendig bruk av medikament!

Seier han med ekstra knurrande r’ar. Og den tanken vekker visst komitéleiaren i han for alvor:

— Eg er djupt bekymra for at ein del eldre får ein ­kombinasjon av legemiddel som er øydeleggjande for helsa deira. Vi har mykje å hente i å auke bruken av legemiddel­gjennomgangar for dei eldste pasientane våre. Og faglegheit og kvalitet er heilt avgjerande, så her må farmasøyten sterkare inn på bana!

— Eg skal gjere mitt for å bidra til at farmasøyten får ei meir likestilt rolle med legar og sjukepleiarar, lovar han.

Medisinskapet er eit fjernt minne no.

— Her vert den nye helseministeren sine prioriteringar heilt avgjerande, understrekar Høie, som helst hadde ønskt seg Lars Erik Flatø (Ap), direktør ved Lovisenbeg Sykehus og ­tidlegare statssekretær for Tore Tønne, i rolla.

— Han kjenner både politikken og helsevesenet godt, og hadde ansvaret for gjennomføringa av den førre store sjuke­husreforma. Flatø er ein mann med handlekraft – akkurat det vi hadde trongd no! Bjarne Håkon Hanssen var visjonær. No krevst handling!

Så får vi berre håpe då, at Anne-Grete Strøm-Erichsen vert ein verdig medspelar og motstandar.