Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no

NFT nr. 6/2010

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C

 
  
Utgiver:

Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: Geir Owe Fredheim / Idrettsforbundet

I medisinskapet: Tove Paule

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

Noregs første kvinnelege idrettspresident sit i desse dagar med ein varm kanadisk kaffi mellom nevane og brøler oppmuntrande ord til Emil og Ole Einar gjennom skotregn, snør og tårar. Så får vi berre håpe ho har lagt avføringspillane sine heime.

— Kva har du i medisinskapet ditt?

Trillande latter.

— Ikkje stort. Eit termometer. Litt Ibux. Ei pakke Sominex som eg har brukt berre to tablettar av. Dette er innsovningspillar. Eg brukar dei når eg flyg oversjøisk, forklarar idrettspresidenten.

— Og så har eg ei førstehjelpspakke. Og ei mellomblå gummistrømpe som eg kan dra over kneet.

— Orsak?

— Ja, strømpa er meir som ein souvenir å rekne altså. Eg var på ferie på Kypros for nokre år sidan, då eg kom til å brekke ei tå tre stader. Så for å i det minste å kunne vasse i vatnet, fekk eg denne strømpa. Barna syntest det var kjempefestleg med ei som måtte sitje med ein mellomblå fot i vêret halve ferien, må du vite.

Enda meir latter, hjarteleg latter.

— Og no har du kanskje brukt den tredje Simonex’en, i samband med flyturen til Vancouver?

— Neidå, eg likar ikkje å ta pillar og prøver å unngå det så langt det er mogleg. Dessutan: Når eg reiser den retninga er det om å gjere å halde seg vaken lengst mogleg, veit du. Og gjerne byrje å trene nokre veker før avreise, halde seg stadig lenger oppe om kvelden.

— Handlar du pillar når du er ute og reiser då?

— Aldri. Eg er som sagt ingen pilleknaskar. I utlandet handlar eg klede. Det er meir mi greie!

— Det viktigaste for å ha det bra i livet er å vere nøgd, seier eksturnaren om sin favorittmedisin.

— Så då har du heller ingen spanande pillehistorier på lur?

— Vel. Eg har alltid slitt litt med magen og forbrenninga, og har tidvis måtta bruke middel for å kome meg på do, om du vil. Ein gong kom eg til å prøve ut eit svært effektivt medikament. Kom meg på do gjorde eg. Og vart sitjande heile natta. Bleik om nebbet og med svetteperler i panna. Dette til skrekk og åtvaring.

— Likevel: Det finst eit slags gjensidig avhengnadsforhold mellom legemiddelindustrien og idretten?

— Å ja, MSD hadde i si tid Vioxx, eit produkt eg veit mange i idretten sette pris på. Men bransjen er heldigvis streng og kontrollen god. Og når det gjeld doping ligg Noreg langt framme; vi er viden kjend for det gode antidopingarbeidet vi gjer.

— Du har sjølv jobba i MSD?

— Ja, på tampen av 2000 var eg lei av idretten og ville prøve noko nytt, så eg kontakta eit rekrutteringsbyrå og sa at eg ville ha ny jobb. Kort tid etter byrja eg i Skandinavia-avdelinga i MSD, innanfor forsking. Der blei eg til eg vart vald til idrettspresident i 2007. For ei med ein skarve hjelpepleiarskule i Sveits tidleg på 1970-talet bak seg, var dette frykteleg spanande! Eg likar utfordringar.

— Det er difor eg er der eg er i dag.

— Og eg måtte jo attende til idretten. Du veit, gamle sirkushestar gløymer aldri lukta av sagmugg.

(Publisert i NFT nr. 2/2010 s. 4)