Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no



NFT nr. 1/2012

 

 

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: Geir Mogen / NTNU DM

I medisinskapet: Steinar Westin

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

Riksdoktor, fastlege og professor i sosialmedisin, Steinar Westin, blir lei seg når nokon snakkar stygt om den norske sjukelønsordninga. «Denne gigantiske tillitserklæringa vi gir kvarandre. Vi har grunn til å vere kjempestolte av ho! Knapt noko anna land i verda kan handtere noko slikt», tordnar han i avisene. Men sjølv har han ikkje hatt noko særleg bruk for ho.

— Kva tid var du sjukmeld sist, doktor?

— Eg var operert for menisk for eitt og eit halvt år sidan, og då var eg sjukmeld nokre dagar.

— Du er ein hardhaus?

— Nei, men du veit, når du har ein jobb der du brukar hovudet og hendene, handlar det berre om å klare å kome seg til jobben.

— Kva har du i medisinskapet ditt heime, då?

— Altfor lite!

Westin skoggerler.

— Eg har vel eit lite utval enkle smertestillande, plaster og slikt, men det er i grunnen kona som har kontroll på dette.

— Nei, det er ikkje noko style over medisinskapet mitt, slik du kanskje skulle kunne forvente å finne når du kjem til eit doktorhus, eg har skuffa mange der. Barnebarna mine kan vere heilt trygge når dei er hos meg; her finst ingen risikomedikament! lovar han.

Og humrar litt til.

— Men eg har ein doktorkoffert frå gamle dagar, då, fortsett han for å gjere seg interessant.

— Og kva som finst der, tør eg nesten ikkje tenkje på; han har ikkje vore opna på ei stund. Det meste er vel utgått på dato, tenkjer eg. Å vedlikehalde ein doktorkoffert har sine utfordringar.

— Kva forhold har du til pillehandel på nett og på tur?

— Det har eg alltid vore skeptisk til. Eg er meir av gamlesorten og er ein sterk tilhengar av apoteket. Gamle solide institusjonar som apoteket og Vinmonopolet står høgt i kurs hos meg!

— Sistnemnde høgast, trur eg, i alle fall etter avreguleringa av apotekbransjen. Ein total fiasko, om du spør meg. Apoteka var mykje meir pålitelege før, og meir føreseielege. Marknadspresset i dag er ustyrleg. Éin konsekvens er at fleire preparat, gjerne dei som ikkje vert brukt så mykje, har forsvunne frå marknaden. Dette opplever både vi fastlegar og sjukehuslegar, fortel han.

— Og forvirringa på legemiddelmarknaden er enorm! Synonymkonkurransen forvirrar både oss og pasientane – og reduserer pasienttryggleiken, opplever Westin.

— Eg har ikkje før skrive ut ein resept, før det er gjort eit bytte, og må bruke mykje tid på å forklare pasientane mine kvifor dei får utlevert eit anna medikament enn det eg har ordinert.

— Ordninga er eitt skritt baklengs inn i framtida, konkluderer han.

Same dom feller han over det han kallar kvardagsknaskinga av smertestillande, sjølv om han ikkje tør å gje LUA-ordninga og auka tilgjenge den fulle og heile skulda.

— Denne nye haldninga om at vi kan ta ei pille for alt som er ille, er ikkje ein god idé, synest eg. Ho har sine konsekvensar. Eg har gjennom ei årrekkje sett mirakelmiddel kome og gå, og er djupt skeptisk. Då tenkjer eg på medikament til i utgangspunktet friske menneske som skal førebyggje eitt eller anna.

— Nyleg hadde eg til dømes ein pasient hos meg, ein ung mann, som ville ha råd om eit vidundermiddel han hadde funne mot håravfall. Tidleg håravfall var arveleg i familien hans. Dette brukte eg mykje tid på å setje meg inn i, men fann det likevel vanskeleg å gje råd.

— Aricept er eit anna døme på eit slikt vidundermiddel. Det skal førebyggje demens. Men er det i det heile mogleg? Eg er skeptisk. Eg rådar legestudentane mine til å alltid bruke det nest nyaste medikamentet på marknaden. Om dei vil vere gode doktorar for pasientane sine.

— For det veit vi i det minste litt om.

 

(Publisert i NFT nr. 3/2010 s. 4)