Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no



NFT nr. 1/2012

 

 

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: Bonnier Amigo Music

I medisinskapet: Yosef Wolde-Mariam

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

I desse dagar er det naturleg å spørje seg kva ein etter alt å døme komande Spelemannprisvinnar har i medisinskapet sitt. Og kven betre til å svare på det enn konspiratoriske Yosef Wolde-Mariam i hip-hop-gruppa Madcon? Tshawe Baqwa, eller Danse-Tshawe, vil du kanskje seie, men vi meiner altså noko anna. Og no skal du få lese kvifor makkaren hans har ein luremedisinboks og kva han synest om antibiotikakurar til hestar.


– Så, kva har du i medisinskapet, Yosef?

– Plaster, saks, støttebandasje, ein liten, kvit koffert med raudt kross på i tilfelle nokon skulle stå i fare for å døy - som eg dessverre ikkje veit korleis eg opnar. Og så har eg hostesaft som har gått ut på dato. Eg kan jo ikkje kaste noko. Det ser meir ansvarleg ut å ha medisin utgått på dato enn ikkje noko i det heile tatt.


– Har du ein favorittpille?
– Brusetablettar! Sånne med c-vitamin. Eg kan godt gje meg sjølv vitaminsjokk. Elles er eg umåteleg forsiktig med medisin. Eg er ukomfortabel med det heile, mykje fordi eg har sett korleis piller, til dels unødvendige slike, kan øydelegge kroppen heller enn hjelpe han. Mitt motto er: Må du, så må du. Dersom ikkje, ligg unna!


– Kva pille vil du advare mot?
– Somadril.


– Er du ein av dei som handlar medisin på internett eller i utlandet?
– Eg var det før, men det var inntil eg fekk ein hesteantibiotikakur for tannverk då eg var i Spania ein gong. Heldigvis forstod ein kompis av meg spansk, så vi unngjekk ulykka, men eg vart gåande utan medisin med store smerter. Den beste hjelpa eg fekk, var av ein spansk bartendar som råda meg til å tømme whisky på det betente området. Det hjalp i omlag ti sekund. Etter dette har eg heldt meg til fastlegen min her heime når det gjeld medisinar.


– Andre uvanlege pille-erfaringar?
– Ein gong var eg innlagt på sjukehus med ekstreme smerter etter å ha brista eit ribbein som i tillegg hadde klart å punktere lungene. Sjukesøstra ga meg nokre piller og spurte etter ei stund korleis eg hadde det. «Kåt», svarte eg, som sant var. Litt flaut, sidan det var ho som skulle ta seg av meg resten av opphaldet ...


– Til sist, Yosef, korleis skjuler du identiteten din på apoteket?
– Eg gjer ikkje det. Men så handlar eg ikkje hemoroidekremar eller andre middel som gjer at eg må det, heller.


(Publisert i NFT nr. 1/2008, s. 6)