Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no



NFT nr. 1/2012

 

 

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: FEM

I medisinskapet: Kari Simonsen

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

Ho er blitt ei «FEM fatal», for å sitere dei største tabloidane våre. Og dei meiner ikkje dødeleg, men taktlaus. Kaklande. Uinteressant. Kari Simonsen er kanskje meir underfundig enn dei fleste fatale programleiarkollegaene sine. Som Eli Hagen, Karita Bekkemellem, Martine Aurdal og Mina Hadjian. Likevel, steget frå ærverdige National?theatret til talk?showet Studio 5 på TV-kanalen FEM (den kanalen nesten ingen verken har eller ser på) må ha blitt ei lang dags ferd mot natt: Terningkast to og knapt ein sjåar i andre enden. Ikkje rart ho stakk til Kenya rett etter premieren.


– Kva har den ferske programleiaren i medisinskapet sitt?
– Eg har ikkje medisinskap. Derimot har eg ein kommode full av naturmiddel. 50–60 ulike sortar, kanskje. Dei fleste har eg prøvd berre nokre dagar før eg har gitt opp. Eg klarer rett og slett ikkje seie nei når ein seljar tilbyr meg eit nytt produkt han trur så sårt på.


– Kva tid kasta du eit legemiddel sist?
– Som du skjønar, så kastar eg ?normalt ikkje. Eg samlar. Men sist eg kasta, kasta eg vel på rette viset i alle fall.


– Korleis då?
– I toalettet.


– Eg har høyrd at apoteket er rette staden å levere ubrukte legemiddel ...
– Å, er det sant? Det var nytt for meg.


– Har du nokon gong handla legemiddel i utlandet?

– Å ja, ein kan visst verte frisk av mest kva som helst dersom ein handlar medisin i utlandet. Og så er apoteka der ute mykje meir morosame. Som Boots i England.


– Kva var den siste pillen du tok?
– Melatonin. Eg er i London på veg til Kenya og kom nyleg heim frå USA, og då er melatonin godt å ha med seg. Fungerer mot jetlag. I tillegg skal eg truleg byrje på malariamedisin i dag.


– Har du ein favorittpille?
– Vitamin C, sterk type, mot forkjøling. Og så er ein halv Imovane fin for å få sove dei kveldane det er naudsynt.


– Har du ein pille du vil åtvare mot?
– Nei, det trur eg ikkje, eller vent ?- ein gong fekk eg nokre sterke B-vitaminpillar i London, sånne rare B-vitamin, veit du. Eg fekk store, raude utslett av dei.


– Korleis skjuler du identiteten din på apoteket?
– Det gjer eg vel ikkje! Kvifor skulle eg det?


– Har du ei lita pillehistorie på lur?
– Ei vandrehistorie i familien min fortel om den gongen besteforeldra mine var på ei øy og fann bulmeurt som dei åt. Begge vart heilt galne. Dei reiv ned heile piperøyret i huset der dei budde.


(Publisert i NFT nr. 3/2008, s. 6)