I medisinskapet: Svein Longva
NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.
Riksmeklingsmannen hevdar å vere budd på høgt trykk og lange netter under heile årets lønsoppgjer. Rykter skal ha det til at han kan Stortinget sitt pensjonsforlik på rams. Og han storpåsketrimma musklar i skiløypa i førekant. For Svein Longva var overtydd om at forhandlingane mellom LO og NHO ville ende i brot og dermed verte hans hovudpine. Men så langt er vårnettene hans trygge og det skal meir enn ei natts vake til for å få denne mannen til å løyse inn ein resept Mogadon.
– Mosjon er min beste medisin! Når eg er stressa, må eg kome meg ut og bruke kroppen, anten på ski, sykkel eller berre på føtene. Og så koplar eg godt av med ei avis eller eit fjernsynsprogram. Eg er ganske enkel slik, fortel riksmeklingsmannen.
– Kva resept ville du gje til forhandlingspartane i lønsoppgjeret?
– Kaffi eller te.
– Sentralstimulerande med andre ord.
– Ja, det skal visst vere det beste for å halde seg kvikk og vaken, har eg høyrd. Og kaffi kan eg love deg det går mykje av i løpet av ei forhandlingsnatt!
– Har du noko i medisinskapet i det heile?
– Veldig lite og berre milde saker.
– Og du avviser altså blankt at skapet vil fyllest i takt med temperaturen på lønsforhandlingane?
– Hehe, eg tvilar i alle fall sterkt, men ein kan sjølvsagt aldri vite.
– Kva var den siste pillen du tok?
Lang tenkepause ...
– Det kan nok ha hatt med paracetamol å gjere.
– Eg mistenkjer at du ikkje har ein favorittpille då?
– Nei, det er riktig.
– Ein pille du vil åtvare mot?
– Ikkje ein spesiell nei.
– Har du handla medisin i utlandet eller på nettet?
– Ikkje på internett, men på reise har eg faktisk gjort det. Dersom munnpleiepreparat kvalifiserer, då. Det måtte eg ha sist eg var i Kiel.
– Korleis skjuler den eksemplariske riksmeklingsmannen identiteten sin på apoteket?
– Du, det har eg aldri hatt behov for.
– Brukar du apoteket nokonsinne?
– Jau då, og eg set stor pris på at tilgjenget av apotek har auka. Mest nyttar eg det til kjøp av enkle forbruksartiklar, som bandasjer, plaster, solprodukt og liknande. Eg har sjeldan ein resept å løyse inn.
– Kva tid kasta du medisin sist?
– No er det nok ei stund sidan eg hadde generalopprydding, men eg kasta ein nasespray for kort tid sidan, og den må eg tilstå gjekk i søpla ...
– Tilstå?
– Ja, det er spesialavfall som skal leverast til apoteket - eg veit eigentleg det. Neste gong skal eg vere flinkare!
(Publisert i NFT nr. 4/2008, s. 6)

Tips en venn