Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no



NFT nr. 1/2012

 

 

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}

Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: Sara Johannessen/Scanpix

I medisinskapet: Ole O. Moen

NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.

Han likar å karakterisere seg som ein kritisk USA-venn, professoren i Nord-Amerika-studiar og NRK sin ekspertkommentator i samband med årets presidentval. Ole O. Moen er like kritisk til ukritisk bruk av medisinar som han er til USA, men som han sjølv uttrykker det:
«I naud et fanden fluger» - og då er det visst ikkje så viktig om datostemplinga er innanfor eller utanfor. Trøndaren si beste sjelesmørjing i vår er nok likevel at den nyaste boka hans, «USAs presidenter - fra George Washington til George W. Bush», var ute i andre opplag berre fire månader etter utgjevinga.


– Eg har aldri vore ein spesielt sjuk mann, så normalt prøver eg å unngå medisin. Men no må eg innrømme at eg lir eit grann av den såkalla Old-Timer's Desease, som sjølvsagt ikkje må forvekslast med Alzheimer's Desease, noko som har endra innhaldet i medisinskapet mitt. Dermed er eg i dag innehavar av gammalmannmedisinar som blodfortynnande, blodtrykkssenkande og kolesterolsenkande, fortel 67-åringen.


– I mine yngre dagar var eg pilot og på den tida hadde eg lågt blodtrykk. Ein gong, då eg hamna på sjukehus med hol på tarmen, var blodtrykket nede i heile 48/32! Eg skulle ha vore i koma, men var klår som dagen, seier han ein smule stolt.
But times they are a-changin'.


– No hjelper det ikkje om eg ikkje har ete smør og margarin på uminnelege tider, om eg et aldri så mykje feit fisk og grønnsaker - eg har ei frue som er ernæringsekspert - nei, dotter mi som er lege synest ikkje kolesterolnivået vert lågt nok. Men eg er ikkje veldig uroa; eg veit nemleg at hennar eldre kollegaer er av ei anna oppfatning ... Smertestillande og andre reseptfrie medisinar er like fy for meg. Eg har utvikla bjørkeallergi dei siste åra, men held ut med såre augo og rennande nase utan allergitablettar. Vitaminar, derimot, det tek eg, og Omega-3 og tran.


– Begge deler?
– Ja, eg tek tran dagleg i alle månader med r i. Ikkje slik som ein kompis av meg som seier at «æ unne mæ no ei skeiblad om sommarn å, æ», men eg er glad i tran. Då eg gjekk på skulen, det var vel under ein demonstrasjon om den såkalla Oslofrukosten, vart det diskusjon om kor fælt tran var, så eg og ein medelev bestemte oss for å demonstrere det motsatte ved å kappdrikke tran. Vi helte i oss ei halv flaske kvar, tenkjer eg. I dag held det med ei skei.
– Men eg trur på bruk av ordentlege medisinar når ein treng det. Som den gongen eg fekk morfin fordi eg ikkje klarte å sove etter ein skade i ein nakkevirvel. Dosen kunne slått ut ein stor gamp på flat mark, men var heilt nødvendig for meg. Eller då eg var på hytta og kom i skade for å strekkje ein lårmuskel reint ille og, til dotter mi sin store skrekk, såg meg nøydd til å ta utgåtte smertestillande eg tilfeldigvis fann.


– Utgått, sa du? Kva tid kasta du medisin sist?
– Hahaha! No traff du eit ømt punkt. Dotter mi freistar ofte å stramme meg opp der, men eg er ikkje så opptatt av utgåtte datoar, verken når det gjeld mjølk eller medisin.


– Er du ein av dei som handlar medisin på nett, då?
– Nei, den biten let eg apoteket ta seg av. Norske apotek er dyre, men dei tilsette er fagleg dyktige og helseprodukt noko eg likar å bruke autoriserte butikkar på. Generelt synest eg likevel mange av oss brukar apoteket for aktivt. Vi knaskar for mykje medisin. Særleg er amerikanarane glade i å trille i seg piller. Eg har inntrykk av at einkvar amerikanar med respekt for seg sjølv har eit medisinskap som bugnar, seier professoren.

Og kanskje er ikkje det så rart, så viktig som «defensive medicine» er på andre sida av Atlanteren.
– Grunna mengden frivole søksmål er paranoiaen stor, til dømes hos arbeidsgjevarar som skal dekkje deler av helseforsikringa til sine tilsette. Legar får i oppdrag å teste pasientane for alt mogleg, for å sikre arbeidsgjevarar mot søksmål om nokon skulle verte sjuke. Dette fordyrar helseforsikringane enormt. Dei siste åra har slike forsikringar gått opp 30 prosent medan løna har gått opp tre prosent. I dag står difor 48 millionar amerikanarar utan helseforsikring!
– Dette vil tvinge seg fram som tema under den komande valkampen. Jamvel av republikanarane som helst vil at marknaden skal råde grunnen åleine. Barack Obama har allereie ein konkret plan for helsereform.
– Men kan kan ikkje rekne med støtte frå legemiddelindustrien, trur Moen:
– Den farmasøytiske industrien var jo dei som saman med forsikringsselskapa, den nasjonale legeforeininga og små arbeidsgjevarar torpederte Hillary Clintons forslag til nasjonal helsereform under ektemannen sin første presidentperiode på 1990-talet, minner han om.