Tekst: Mette Aune og Tove Ragna Reksten, farmasistudentar,
kull 2003, Universitetet i Bergen

 Eirik Bø
Gunn-Therese Lund Sørland veg ingredienser til Calamine Lotion BP. Foto: Eirik Bø

Farmasiutdanninga ved UEA er kåra til den beste i landet, og ikkje utan grunn: Moderne og nyskapande undervisningsmetodar og fagleg innhald, tett og nær oppfølging av studentane og høg standard på førelesarane gjorde dette til det kanskje mest lærerike semesteret vårt, og for første gong i løpet av tre år kunne vi identifisere oss med profesjonen vår. Gjennom faga pharmaceutical formulation og pharmaceutical technology fekk vi solid opplæring i både teorien bak og den praktiske framstillinga av farmasøytiske produkt. Kvar førelesing vart etterfølgt av kollokvier leia av førelesar, og dermed vart teori og praktisk bruk av kunnskap knytt tett saman. Grundig kjemibakgrunn med mykje laberfaring frå UiB var utan tvil ein fordel for labarbeidet i formulation-faget, og dei tilsette var imponert over kor nøyaktig og strukturert vi jobba.

Utfordrande å skrive arbeidssetlane
Det skorta derimot på dokumentering av arbeidet, og manglande dokumentasjon var meir enn éin gong årsak til at vi måtte lage eit produkt på ny. Det var ei stor utfordring å skrive dei detaljerte arbeidssetlane, spesielt sidan vi brukte utstyr vi knapt kunne det norske namnet på, og desse måtte godkjennast før arbeidet kunne ta til. Dei rosa flekkane på labfrakkane våre er synleg prov på kor håplaust det er å lage klumpfri Calamine Lotion BP. Undervisninga i technology-faget er lagt opp til at studenten jobbar mykje sjølvstendig og kan trekke store linjer og konklusjonar. Delar av labarbeidet var derfor lagt opp som gruppearbeid der vi gjekk gjennom alle trinn i framstilling av Theophylline Anhydrous BP og Theophylline Monohydrat BP-tablettar, samanlikna eigenskaper til stoffa, granulane og tablettane, og skreiv ein stor rapport. Resultata vart presentert for eit panel, og vi måtte forsvare funna våre samt komme med forslag til endringar av metode og hjelpestoff for å betre resultata.

 Eirik Bø
Irene Skaar prøver å unngå luftbobler idet ho overfører kremen til krukka. Foto: Eirik Bø

Farmasøytprofesjonen står høgt i kurs
Clinical Pharmacy Skills var delt inn i førelesingar, workshops og sjukehushospitering, og er faget som modna oss mest som farmasøytar. Farmasøytens rolle er mykje større i Storbritannia enn her i Noreg, og er ein del av helseteamet på sjukehusavdelingar. På sjukehuset gav vi råd og rettleiing til pasientar om nye medisinar, og utarbeidde «care plans» der alle aspekt ved pasienten skulle takast omsyn til. I ei slik oppgåve må ein trekkje inn alt frå kommunikasjon og empati til farmakologi og formulering, og dette har lært oss å ta omsyn til alle aspekt ved pasienten ogå bruke farmasøytisk skjønn og kunnskap til mykje meir enn å levere ut eit preparat i apotek.

Profesjonen farmasøyt står veldig høgt i kurs både hos legar, sjukepleiarar og pasientar, og det var utruleg motiverande å oppleve å bli lytta til og sett pris på i eit medisinsk miljø. Kleskoden gjorde at vi følte oss veldig profesjonelle, og vi må sei vi trivst betre i smarte drakter, blusar, skjorter og slips enn gjennomsiktige kvite bukser og uformelege overallar son nyttast i norske apotek. At jeans og joggesko var forbode skapte problem for dei fleste, men ingen hadde noko imot å dra på shopping.

Ei god investering
Å studere i utlandet gir meir enn berre eit fagleg utbytte. Du må lære å kommunisere på eit anna språk, på tvers av kulturar, og du må tilpasse deg eit nytt miljø. Du må aktivt søke informasjon og kontaktar, og dermed lærer du deg sjølv og medstudentane dine å kjenne på ein ny måte. Vi kom heim med mykje nyttig kunnskap å vekse på og utvikle vidare, og sikrare på oss sjølv både personleg og som farmasøytar.

Bak utvekslinga ligg mykje tid, pengar og arbeid, men det er utan tvil ei god investering. Kull03 er kjempetakknemlege for den innsatsen Svein Haavik har lagt ned for å få i stand denne utvekslinga. Det er knytt band mellom universiteta både fagleg og sosialt, og vi har tileigna oss kunnskap vi ikkje ville fått nokon stad i Noreg.

Vi vil aldri gløyme ansiktsuttrykka hos førelesarane våre der vi troppa opp til counselling workshop i surfeshortsar, flipfloppar og caps - deira studentar stiller jo i skjorte og slips, kor godt dei takla nederlag på nederlag på fotballbana, kor vi skalv i buksene før videoopptak av oss som farmasøytar på workshops eller det sydande livet på campus.

Mekka for studentar
Norwich er ein idyllisk middelalder by, litt mindre enn Bergen, med eit yrande folkeliv prega av dei mange studentane der. I tillegg til eit breitt kulturtilbod, kan Norwich skilte med ein plass på «topp 10»-lista over Shopping Venues in the UK. Norfolk er kjent for sine mange innsjøar og kanalar som buktar seg gjennom eit grønt og frodig landskap, og dette set sitt preg på UEA campus. Universitetet er bygd i eit tidlegare golfområde, med store grøntareal, parkar, tusenvis av kaninar og ein vakker og idyllisk innsjø med turvegar rundt.

Høg standard
Alle dei norske studentane vart plassert i same bygning, Coleman House, fordelt på ulike gangar. Vi hadde kvart vårt krypinn med eige bad, og delte kjøkken med opp til elleve andre. Bustadane heldt veldig høg standard, og kjøkkenet vart samlingsstad både for festing, kollokvier og middagar. Å bu på campus gav oss høve til å ta del i eit unikt studentliv, med eit utal idrettslag og organisasjonar. Både kristne grupper, friluftsgruppa, rugbylaget, fotballaget, The Irish Society, The Scandinavian Society, The Pharmacy Society og ølfestivalen fekk oppleve nordmenn på godt og vondt. Det var kort veg til butikk, restaurant, pub, reisebyrå, bibliotek, vaskeri, buss, café, kino og helse/medisinsk senter, og ein kunne fint overleve fire månadar utan å forlate området. Sportsparken, ein av dei største og nyaste i Storbritannia, låg eit steinkast unna Coleman House, og dei fleste nytta seg av klatreveggen, fitness- studioet, badmintonbanene eller symjebassenget for å trimme vekk litt av ølen vi helte i oss på Union Pub.

Britisk pubkultur
Å setje seg ned på nærmaste pub er den beste måten å bli kjent med den britiske kulturen på. Sidan du nådde puben to minutt etter at du var ute av dusjen, var det her alle samlast etter førelesing, trening eller shopping for å skåle med gamle og nye venner. Puben låg dessutan nærast vegg i vegg med vaskeriet, så kva var vel betre enn å ta seg ein Snakebite eller sju mens du venta på klesvasken utan dårleg samvit? Snakebite er middelet som får liv i britiske studentar, og er ein pint av engelsk cider, lager og solbærsaft.

(Publisert i NFT nr. 4/2007 side 14–15.)