Mastergradsstudiet i farmasi ved Universitetet i Tromsø (UiT) oppfyller ikkje kravet om at institusjonen skal ha tilsette i hovudstilling innanfor kjerneområdet av studiet. Mangelen er særleg stor i faget samfunnsfarmasi, der UiT ikkje har sikra seg langsiktig lærarkompetanse, heiter det i NOKUT-revideringa av dei akkrediterte master- og tilhøyrande PhD-studia i farmasi i Tromsø. Vedtak vert gjort på bakgrunn av ei innstilling frå ein sakkyndig komité etter ein prosess med sjølvevaluering, ekstern evaluering, dokumentasjon og institusjonsbesøk. I Tromsø saknar komiteen dessutan ein tydelegare farmasøytisk profil i visse naturvitskaplege fag.

— Komiteen og NOKUT-styret har tolka kriteria for utdanningane slik at vi ikkje tilfredsstiller krava til et stabilt fagmiljø innanfor samfunnsfarmasi. Dette er vi ueinige i og påklagar no konklusjonane på formelt grunnlag, fortel Thrina Loennechen til NFT.

Sommaren 2005 vedtok Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) å iverksette ei revidering av akkrediterte 5-årige masterstudiar i farmasi og tilhøyrande PhD-studiar ved universiteta i Tromsø og Oslo. Etter 16 månaders revideringsarbeid, vart det i oktober fatta vedtak i sakene. Osloutdanningane vart reakkreditert med bravur, medan tromsøutdanningane ifølgje NOKUT ikkje oppfyller krava.

— Samstundes som vi påklagar vedtaket, har vi laga ein plan for å styrke dei delene av utdanningane komiteen ikkje fann tilfredsstillande, noko vi allereie har iverksett, opplyser Loennechen.

Litt lenger sør i landet, på Farmasøytisk institutt (FI) i hovudstaden, sit det ein langt gladare instituttdirektør.

— Vi er svært letta for å sjå at arbeidet vårt med å bygge opp studiet, som har pågått sidan 1990-talet, har gitt gode resultat, seier Karen Marie Ulshagen.

— Studieopplegget vårt, med integrert undervisning, er ambisiøst og krevjande. Vi har hatt ein del barnesjukdommar, men har no funne eit system vi ønskjer å fortsette med ei stund, fortel Ulshagen.

Komiteen meiner at mastergradsstudia ved Universitetet i Oslo (UiO) er «bygd opp på eksemplarisk vis slik at dei gjev studentane den breie og djupe kunnskapen dei treng for å vere kvalifisert til farmasiyrket».

— Men sjølv om vi har funne ei form vi er tilfredse med akkurat no, kjem vi sjølvsagt til å fortsette med forbetringar, evalueringar og vidareutvikling, forsikrar Karen Marie Ulshagen.

Komiteen rådar FI til blant anna å fortsette arbeidet med internasjonalisering av fagmiljøet og å auke mengden studentar frå utlandet. I tillegg meiner den at talet på postdoc.-stillingar bør opp. NOKUT har per i dag ingen plan om å revidere masterstudia i farmasi ved Universitetet i Bergen.

(Publisert i NFT nr. 12/2007 side 7.)