Torkel Flatberg

Alder: 40

Sivilstatus: Gift, to barn

Utdanning: Reseptar frå Statens reseptarhøgskole

Arbeidsstad: Kjedekontoret i Alliance UniChem Norge (snart Alliance Boots)

Favorittlegemiddel: Cold & Flu - eit kinderegg med sine tre virkestoff: smertestillande for hovudet, kodein for vakenskap og slimhinneavsvellande for svelget.

Favorittfarmasøyt: Bjørg Simonsen, apotekar ved Boots apotek Lillestrøm. Ho har ei heilt spesiell evne til å halde gløden oppe hos sine tilsette, sjølv når det stormar som verst. Eit oppriktig engasjert menneske som har imponert meg ved fleire høve.

Kvifor eg er NFF-medlem: Det spørsmålet stiller eg meg sjølv av og til, og eg endar alltid opp med same svaret: Når alt fungerer godt i arbeidslivet, som det gjer for meg no, treng eg sjølvsagt ikkje foreininga. Men skulle det butte imot ein gong, trur eg det vil vere godt å ha venner i ryggen. Så eg blir.

Kvifor eg vart farmasøyt: Eg kjem frå ein apotekarfamilie: Både mor og far er apotekarar. På grunn av dette bestemte eg meg eigentleg for å velje noko anna, men når det kom til stykket, vart det for freistande med noko kjend og trygt.

Torkel Flatberg er lettare frustrert på farmasøytane sine vegne.

— Styresmaktene har lagt eit enormt fokus på kutt i legemiddelmarknaden. Kvart år skal satsar kuttast. Preferert legemiddel. Generisk bytte. Nye NAV-reglar. Jamvel apoteka pressar ned prisane i forhandlingar med leverandørane, seier farmasøyten som i dag er teamleiar for Rx/sjukepleieartiklar ved Alliance UniChem sitt hovudkontor i Oslo.

— Utgiftene i Alliance apotek på patenterte reseptpliktige legemiddel (Rx) overstig i dag inntektene, og vi er ikkje aleine. Generika og andre handelsvarer er alfa og omega for botnlinja til apoteka. Styresmaktene er ikkje villige til å betale for dei tenestene apoteka faktisk leverer, seier han og fryktar konsekvensane:

— Dette tvingar oss til å sjå på nye marknader og sette sterkare fokus på velvære. For oss er denne omlegginga ein dyd av nødvendigheit. Boots apotek har blitt ein etter måten balansert variant førebels, men no må vi tenke oss om. Grensene flytter seg heile tida. For berre ti år sidan var vi svært skeptiske til å selje kosmetikkserien Vichy i norske apotek. Det mestseljande produktet i Boots apotek Storbritannia er i dag Coca cola light, opplyser Flatberg.

— No tvilar eg på at vi nokonsinne kjem så langt i Noreg, men vi må vere merksame på at dersom apoteka vert for framandgjorte, så vil kundane til sist ta avstand.

Reseptaren er stolt over at hans kjede er den første som tilbyr legemiddelsamtale, som ein betalt teneste i apoteket, samt andre helsetenester som blodsukkermålingar og rettleiing i bruk av inhalasjonsapparat til astmatikarar.

— Legane burde etter mitt skjønn vere glade og letta over å verte avhjelpne med denne typen småoppgåver. Men for at slike tenester skal utgjere ein skilnad, må farmasøytane verte modigare i møtet med kunden, vi må tore å starte ein dialog.

— For vi er for «flinke». Vi skal helst kunne alt før vi sett oss i den situasjonen at vi vert ståande framfor ein kunde utan svar. Men vi må i det minste stole på eiga evne til å kunne leite fram informasjonen, synest mannen som mista sin angst for å snakke med framandfolk ein eller annan stad i verda i løpet av sine to år som Up with People-reisande.

— Behovet for farmasøyten si kompetanse er reell. Sjå på astmatikarane til dømes. Åtte av ti brukar legemiddelet sitt feil. Tenk kva det ville ha gjort for livskvaliteten til ein astmatikar om farmasøyten kunne gje nokre enkle råd!
Flatberg meiner undersøkinga til Apotekforeningen om legemiddelsamtale i apotek godt nok dokumenterer at farmasøyten sit på ein viktig kompetanse som fleire pasientar burde få gjere seg nytte av. Studien avdekker at ein legemiddelsamtale i over 90 prosent av tilfella vil finne og dermed rette opp legemiddelrelaterte problem.

— Men kor går folket for hjelp? Til legen. Apotekbarometeret i november 2007 viste at 75 prosent av kundane vil søke råd hos legen om legemiddelet sitt. Berre 15 prosent svarte at dei ville spørre på apoteket. Her har vi verkeleg ein jobbå gjere.

— Og igjen burde styresmaktene gå framføre og vise veg – syne at dei ser og sett pris på det farmasøyten kan tilby. Nett slik dei gjer det med legane i dag.

— I Storbritannia betalar det offentlege for legemiddelsamtalar i apotek.

— Boots apotek tek i dag 70 kroner for ein legemiddelsamtale. Betalar det seg?
— Langt ifrå! Samtalen varer kanskje ein halvtime, men med før- og etterarbeid er vi oppe i om lag to timar per samtale. Dette har ein reell prislapp på i overkant av 1000 kroner.

— Dersom styresmaktene kunne spandert denne tusenlappen, så ville dette gje ei ekstra utgift, ja, men òg innsparingar. Utrekningar syner at staten ville ha spart innlegging og kroner på éin av 40 legemiddelsamtalar i apotek. For slik ville samfunnet truleg hindra ein del sjukehusinnleggingar som kostar 7000 per døgn. Éi sjukehusinnlegging varer i snitt sju døgn.

— Berre rekn det ut sjølv.

(Publisert i NFT nr. 4/2008 side 34–35.)