Margrethe Sunde

Alder: 43 år

Sivil status: Mamma til to fantastiske gutar

Utdanning: Cand.pharm. frå UiO

Arbeidsstad: Direktør for fag, kvalitet og opplæring i Boots Norge AS.

Framtidas legemiddel: Empowerment; å gjere pasientane i stand til å bruke legemidla sine riktig. Det vert mykje viktigare i framtida enn ny teknologi.

Fagleg forbilde: Alle dei tusen farma-søytane som dagleg utfører eit titals kundemøter. Eg ser andleta deira føre meg. Ei uuttømmeleg kjelde til inspirasjon!

Kvifor eg ikke er NFF-medlem: Eg melde meg ut for å vere ryddig på arbeidsgjevar-/arbeidstakarforholdet medan eg var toppleiar med resultatansvar for Apotek 1 Norge.

Kvifor eg vart farmasøyt: Fordi imponerande Berit Hilde Drageset kom på yrkesorienteringsdagen på Sogndal gymnas og fortalde om kor fantastisk det var å vere farmasøyt. Livets verkelege store val handlar om tilfeldigheiter. Og einskildmenneske.

Aktuell som: Første norske apotektoppsjef som skiftar kjede.

Ho snakkar entusiastisk om å ville tenne stjerner. Farmasøytstjerner. Om å vere tydeleg. Synleg. Modig. Kombinere hjarte og hovud i forretningar som i livet elles. Ikkje stivne, ikkje gå lei. Gå vidare. Finne handlingsrommet. Då hennar eige handlingsrom krympa hos Apotek 1, valde ho å takke for seg. Etter ti eventyrlege år synest ho det var greitt. Men hjartet hennar?

— Sjå! Der går ein mann med ein Apotek 1-pose! Eg blir framleis stolt når eg ser det. Gleda mi er schizofren no om dagen, seier ho med hovudet på skakke.

Mannen med posen anar slett ikkje, der han hastar ut av Storosenteret og inn i haustmørkret, at han nett passerte ein av gründarane og sjølve sjela til Noregs største apotekkjede.

— Boots mest tydeleg
— Overgangen er ein sensasjon?

— Eg er den første leiaren i norsk apotekbransje som gjer eit slikt skifte. Det betyr berre at vi er ein ung bransje, seier Sunde og er lite interessert i å problematisere overgangen noko vidare.

Etter at ho slutta i Apokjeden før påsketider i år brukte ho god tid til å tenkje seg om. Med sin unike kompetanse på å drive faghandel effektivt og lønnsamt var det ikkje sjølvsagt at ho skulle fortsette innanfor apotekbransjen.

— Vinmonopolet og bokhandelen har dei same utfordringane som oss, dei strevar også stadig med finne balansen mellom fag og butikk, illustrerer ho.

Valet var krevjande, men tilbodet frå Boots kunne ho ikkje seie nei til.

— Livet går vidare, mumlar ho inni ein slurk te.

— No kjennest det berre bra og eg er lykkeleg i ferd med å bli kjend med fine nye kollegaer i denne spanande organisasjonen som har over hundre tusen medarbeidarar! Når valet fall på Boots er det blant anna fordi eg synest dei har den mest tydelege profilen i dagens apotekmarknad. Og endå tydelegare kan vi verte. Dei føregåande ti åra har handla om å etablere seg som bransje. Dei neste ti åra vil handle om å utmerke seg, utvikle medarbeidarar, byggje profil, fylle innhald i merkevaren, spår Sunde.

— Og eg skal gjere mitt beste for å gjere Boots endå betre og endå meir synleg, seier ho.

— Du er ganske synleg sjølv?

— Eg er utadvendt og det synest kanskje ekstra godt i eit introvert fagmiljø. Eg likar ikkje myter og boksar, men ser likevel behovet for å fortsette å be farmasøyten kome seg ut av skapet. Tørre meir. Og dette må vi støtte kvarandre i! seier ho hektisk og lirer skjelmsk av seg ei sjølvkomponert omskriving av Madeleine Albrights feministiske kamprop:

— Det finst ein spesiell stad i helvete for farmasøytar som ikkje støttar kvarandre og gjer kvarandre gode!

Nemleg.

Framleis uutnytta
— Faget farmasi er godt nok. Det må vi stole på! Og vi kan gjerne vere kontroversielle, så lenge vi samstundes er kloke.

Margrethe Sunde lever overtydande som ho snakkar: Den måndagen tidleg i september då ho tiltredde nyjobben, lanserte Boots føflekkscanning i apoteka sine. Det gjekk ikkje upåakta hen.

— Passa meg perfekt! humrar ho.

— Apoteket skal vere ein lågterskel helseteneste. Potensialet vårt er framleis uutnytta, seier ho.

Og høyrest ut som eit ekko av den 12 år yngre varianten av seg sjølv, den gong politikar i Norges Farmaceutiske Forening. Ho spinn vidare på den raude tråden. Då vi møter henne tilbyr Boots apotek Storo influensavaksinering. Sunde er tilstades.

— Kor går grensa for kva eit apotek kan tilby?

— Eg er ikkje opptatt av grenser, men av moglegheiter. Kva kan vi bidra med? Det synest eg er eit meir interessant spørsmål. Så lenge vi kombinerer fagleg klokskap med fagleg mot finst knapt grenser for kva vi kan gjere. I dette ligg det at vi også må tørre å vere ærlege på kva vi ikkje kan, understreker ho.

— Så korleis få legane med på laget?

— Ved dialog. Vi må få ned garden på profesjonsstriden. Det er nok jobb til alle.

— I praksis brukar vi kvarandre ekstremt mykje allereie. Rundt omkring i alle landets kommunar har einskildlegar og einskildfarmasøytar gode samarbeid. No må den fagpolitiske makta sjå denne dialogen og vidareutvikle arenaen, setje han i system, oppfordrar Sunde, som får stjerner i augo av samhandlingsreforma.

— Samhandling inspirerer meg!

— Kva med apoteket si kjernerolle?

— Apoteket og farmasøyten sitt store bidrag i helsetenesten er og skal vere å gjere legemiddelbruken meir rasjonell. Det er vår unike kompetanse. Og vi må bidra på moderne vis, få med oss 2020-kunden! Men vi må aldri gå på akkord med farmasøytisk kompetanse og kvalitet.

— Apoteka får stadig kritikk for å sjå ut som parfymeri og farmasøytane klagar over knappheit på tid til fagleg arbeid. Kvifor kan ikkje apoteket selje kun legemiddel?

— Lønnsemd. Paradoksalt går det verst for dei apoteka som konsentrerer seg mest om kjerneverksemda. Slik er røyndommen og han må vi forholde oss til. Heldigvis går det an å ha to tankar i hovudet samstundes og det er faktisk apoteka gode til.

— Norske apotek har aldri vore drivne så godt som no, meiner Sunde.

— Så du lengtar deg ikkje attende til det gamle apotekvesenet?

— Nei, er du galen! Vi har aldri vore tettare på kunden enn no, og nærare skal vi kome. Alt handlar jo til sjuande og sist om kundemøtet, seier Sunde.

— Og der handlar det om å ta seg tid. Vi har tid til det vi i fellesskap vil.

— Sjå kunden!

Ho får auge på ein ny apotekkunde. Smiler. Peikar.

— Sjå, der borte går ei kvinne med ein Boots-pose.

— Når eg ser ein kunde slik, lurer eg med éin gong på: «Hadde du ei god oppleving hos oss? Klarte vi å sjå deg og bruke faget vårt?»

— Det er dét hjelp til riktig legemiddelbruk handlar om. Folk i alle slags livssituasjonar kjem til apoteket for å få dekt behova sine. Vår plikt er å sjå behovet til kvar einskild og sikre at dei kan bruke legemidla sine riktig.

— Kva kundemøter har gjort inntrykk på deg?

— Å, det er mange! Som ung farmasøyt ved Årvoll apotek opplevde eg ein dag at det kom inn ei gammal dame. Dårleg til beins og med tre store bæreposar på slep. Ho sette seg nedst i apoteket og venta på sin tur. Då nummeret hennar kom, gjekk eg ho i møte og spurte om eg kunne hjelpe ho. «Ja, eg lurte berre på om eg kunne levere desse hos dykk?» sa ho og gav meg ein haug forskjellige legemiddel. «Mannen min døde i natt og sjølv treng eg dei ikkje. Jau, vi har brukt nokre av legemidla saman, altså, men ...» Så sette eg meg ned og gjekk gjennom legemidla hans og snakka med enka om hennar bruk. Ho hadde mange spørsmål.

— Ein sommar for eit par årsidan hjalp eg til på travle Sogndal apotek, då det ein dag kjem inn ei ung kvinne som skal ha nødprevensjon. Ein av kollegaene mine fortel meg diskré at dette er fjerde gongen kvinna kjem for å kjøpe nødprevensjon og ber meg hjelpe ho. Eg går bort i sjølvvalet og tilbyr hjelpa mi. «Nei, eg skal berre ha denne», seier ho litt avvisande. Eg gir meg ikkje og møter blikket til den unge kvinna. «Har du noko du lurer på om bruken av dette legemiddelet, så hjelper eg gjerne.» Samtalen startar. Eg følgjer henne roleg mot informasjonsrommet. Det syner seg at jenta ikkje bruker fast prevensjon fordi ho er redd for hormonar. Saman, i nokre få gode minutts uforstyrra dialog, fann vi ei betre løysing.

— Kvar dag skjer hundrevis av slike gode legemiddelsamtaler i norske apotek. Tenk om vi kunne dokumentere dei og få betalt for den samfunnsøkonomiske meirverdien!

 (Publisert i NFT nr. 11/2010 side 37–39.)