Betre etablerings- og vekstvilkår for nettapotek kan skape betre tenester og rimelegare legemiddel og helseprodukt for forbrukarane og vere god samfunnsøkonomi. Fleire av reguleringane i Noreg er openbart laga med tanke på fysiske apotek, noko som kan gjere det vanskelegare å etablere og skape vekst for nettapotek. Samstundes er det viktig at ein har reguleringar som sikrar best mogeleg folkehelse og hindrar feil- eller overforbruk. 

Les også: Kundene sparer betydelige summer på nettapotek

Legemiddelverket har fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å gjere ei utgreiing av korleis apotekregelverket bør innrettast mot framtida. Når ein no ser grundig på regelverket bør ein nytta mogelegheita til å fjerne reguleringar som skapar etableringshindringar og vekst, og som ikkje er naudsynte av helsemessige grunnar. 

Dei nordiske konkurransemyndigheitene har nyleg publisert ein rapport som ser på utviklinga av nettapotek i dei ulike landa i Norden. I rapporten peikast det på endringar som kan vere gunstige for utviklinga av marknaden. Rapporten syner at det er store skilnader mellom dei ulike landa. Sverige er det landet som har minst regulering av nettapotek og er også det landet som har mest omsetning i nettapotek. I Sverige er det krav om at lageret til eit nettapotek er i Sverige, men det er ingen krav om at aktørane har eit fysisk apotek slik det er i Noreg. Eit slikt krav gjev høgare kostnader enn om ein berre treng å ha eit lager. 

Då apotekreguleringane vart deregulert i 2001, såg vi ei kraftig auke i talet på apotek og også at dekninga vart betre, samstundes vart opningstidene utvida. Dette gjorde at apoteka vart meir tilgjengelege. Den teknologiske utviklinga har vore stor sida 2001. No er reseptane våre tilgjengelege online og vi kan logge inn sikkert med BankID for å bestille medisinane vi treng. Vi bør utnytte dei teknologiske framstega til å legge til rette for at tilbodet kan bli endå betre. Nettapotek kan vere eit godt tilbod for dei som er ustø til beins, dei som har langt til næraste apotek, dei som ikkje har eigen bil, dei som ikkje vil at naboen skal høyre dei intime spørsmåla om medisinen han eller ho skal ha eller for dei som rett og slett finn det mest komfortabelt å bestille medisinen på nett og få den levert på døra. Eit godt tilbod til desse treng ikkje stå i motsetnad til å ha eit godt tilbod av fysiske apotek i Noreg.

Koronapandemien har vist at nordmenn har omfamna netthandel, ikkje minst gjeld dette kjøp av medisin på nettapotek. Det er eit tydeleg teikn på at kundane ønsker mogelegheitene som nettapotek tilbyr velkommen. Dagens regelverk hindrar etablering og vekst for både nye aktørar med fysiske utsalsstader og nettapotekaktørar og kan gjere at konkurransen om kundane blir dårlegare. Nye aktørar kan både gi betre tenester og auka konkurranse med lågare prisar, dette kan rett og slett bidra til betre samfunnsøkonomi.

Små endringar i regelverket kan gi nettapotek betre vilkår for etablering og vekst. Så lenge det ikkje er gode helsemessige grunnar til å halde på dei strenge krava, er det på tide, og kanskje på overtid, å fråvike frå reguleringane som skapar hindringar. Helsemyndigheitene bør derfor klare å finne endringar i apotekreguleringane, som både opnar for vekst, samstundes som helsa til det norske folk blir i varetatt. Større konkurranse om apotek-kundane er det me forbrukarar som vil tene på.