Jan Anders Istad

Alder: 36

Sivilstatus: Gift, to barn

Utdanning: Cand.pharm. frå Universitetet i Oslo

Arbeidsstad: Boehringer Ingelheim Norway

Favorittmedisin: For tida dabigatran (Pradaxa), eit nytt legemiddel vi forskar på og som eg jobbar mykje med om dagen. Det er ein direkte trombinhemmar som på sikt har potensial til å erstatte warfarin.

Favorittfarmasøyt: Erik Andrew. Eg møtte han første gong då han føreleste i klinisk legemiddelutprøving på Blindern. Dyktig, motiverande og visjonær både med tanke på klinisk forsking og farmasøytprofesjonen. Og så må eg nemne Angelika Kruse-Jensen som eg hospiterte hos i studietida!

Kvifor eg er NFF-medlem: Som industritilsett har eg ikkje så mykje nytte av NFF, men eg er medlem i solidaritet med farmasøytprofesjonen. Ei sterk fagforeining er viktig for profesjonen og faget – ikkje minst som motvekt til apotekkjedemakta. 

Kvifor eg vart farmasøyt: Interesse for medisinsk forsking. Fordi eg også er interessert i helsepolitikk fall det meg naturleg å velje spesialisering innan helseøkonomi.

Med ei mor frå Ørsta og ein far frå Ålesund er det kanskje ikkje så rart at han valde å spesialisere seg innan helseøkonomi, farmasøyten frå Asker som i dag er Director Governmental Affairs i den norske filialen av det tyske forskingskonsernet Boehringer Ingelheim. Og han har klåre idear om kva god og dårleg helseøkonomi er.

— Regjeringa opererer til dømes med ei målsetting om lågast mogleg pris på legemiddel. Når det gjeld generisk bytte er dette greitt og enkelt; det er oftast kostnadseffektivt, seier helseøkonomen som sjølv meiner kostnadseffektivitet er eit essensielt mål.

— Men det er slett ikkje sikkert at det er kostnadseffektivt – for samfunnet – å velje det billigaste av to ulike legemiddelklassar, åtvarar han og tenkjer på kampen for å fremje ny forsking.

— Nett difor duger ikkje målsettinga om lågast mogleg pris når det gjeld nye og innovative legemiddel. Saman med langdryge budsjettprosessar og patentlovgivinga gjer dette norsk legemiddelpolitikk innovasjonsfiendtleg.

— Ønskjer samfunnet kommersiell forsking? Ønskjer vi å utvikle betre legemiddel for framtida? Det trur eg vi gjer, men det krev ein viss betalingsvilje.

— Frå staten, då, meiner du? Kva med industrien sjølv, som ikkje akkurat har dei dårlegaste marginane?
— Legemiddelindustrien brukar allereie store deler av inntektene sine til reinvestering i forsking. Firmaet mitt brukte 19 prosent av fjorårets overskot til dette formålet. Kor mange firma ser du gjer det same?

— Kva med oss privatpersonar, burde vi bidra meir på legemiddelrekninga?
— Personleg synest eg det. Helse er noko av det vi sett aller høgast, og då er det rimeleg at vi betaler meir for den sjølv. Men her trur eg på differensiering. Friske, arbeidsføre må sjølvsagt ta i meir enn uføre.

— Viktigast er det likevel at styresmaktene stimulerer til kunnskapsauke og eit godt refusjonssystem for legemiddel. Sett i forhold til rikdomen vår brukar vi altfor lite middel til forsking i Noreg.

— Styresmaktene er dessutan for lite flinke til å ta ubehagelege avgjerdsler. Legemiddel må sjåast i samanheng med helsevesenet totalt sett, og verte råka av prioriteringar på lik line med andre delar av feltet. For å kunne verkeleggjere HPV-vaksinering eller legemiddelgjennomgangar på sjukeheimar, må noko anna nedprioriterast. For å frigjere pengar må kanskje sjukehus slåast saman fordi vi vurderer det som riktig i eit heilskapleg samfunnsperspektiv.

— Men kanskje er desentralisering meir kostnadseffektivt enn sentralisering i nokre tilfelle. Det finn vi svar på først når vi torer å utforske det, seier han.
Istad lurer vidare på om ikkje stykkprisfinansieringa har gått for langt no.

— Systemet har nyttige sider, men no ser det ut til at vi slit med å halde på kvaliteten samstundes. Det er ikkje lett å vere sjukehusdirektør i Noreg i dag. Korleis skal dei eigentleg kunne ta grep innan helseføretaka når dei gong på gong vert overstyrte politisk?

Ein annan frustrasjon økonomifarmasøyten har, er legemiddelstyresmakta si unike evne tilå overkøyre råd frå fagfolk.

— Helsestyresmaktene har to hattar på seg som fort kan blandast saman: spare pengar og riktig bruk. Dette har vist seg å vere ei utfordrande og kanskje uheldig samanblanding av roller. Eit døme på dette: For nokre år sidan utreda dei effekten av Alzheimerlegemiddel og korleis refusjonen av desse burde vere. Men den politiske avgjerdsla vart tatt før fagfolka var ferdige med si vurdering og innstilling. Helsedepartementet forskoterte konklusjonen til faggruppa!

— Då har dei eit betre system i Sverige. Der gjer fagekspertar i Läkemedelsförmånsnämnden ei samfunnsmessig heilskapleg vurdering av kostnadseffektivitet og medisinsk nytte.

— Så, etterpå, går saka til politisk handsaming.

(Publisert i NFT nr. 5/2008 side 32–33.)