Zambia

  • Republikken Zambia ligg sør i Afrika (Sub-Sahara).
  • Ca. 12 millionar innbyggjarar.
  • Hovudstaden Lusaka er den største byen.
  • Landet er delt inn i ni provinsar, kvar med eigen administrasjon leia av ein deputy minister.
  • Offisielt språk er engelsk, men det eksisterer over 70 ulike stamme- språk.

Tekst: Rønnaug Larsen, Norsk Farmasøytisk Selskap

Kvar vår og haust sender Farmasøyter Uten Grenser (FUG) to norske farmasøytar til sjukehusapotek i Zambia for å jobbe i seks veker med såkalla in-service training, det vil seie rettleiing/opplæring på arbeidsplassen. Det er stor mangel på farmasøytar i Zambia og mange sjukehusapotek er utan, så rettleiing/opplæring vert gjeve til personale som har låg eller ingen farmasifagleg utdanning. Ved kvar utreise jobbar teamet det meste av tida på eit sjukehusapotek som ikkje har hatt besøk frå FUG før, samt at dei dreg innom det sjukehusapoteket det førre teamet var på, for å sjå i kva grad opplæringa frå førre gong har gjeve resultat.

Må evaluerast
Sidan prosjektet starta opp hausten 2008 har seks norske farmasøytar (fire team) utført in-service training på fem sjukehusapotek i tre provinsar (Copperbelt, Eastern og Southern). Dei to neste farmasøytane reiser nedover no i oktober (2010).

Då prosjektet starta opp vart eit såkalla Memorandum of Understanding underteikna av FUG og samarbeidspartnarane Kirkens Nødhjelp og Church Health Association of Zambia (CHAZ)*. Her framgjekk det at samarbeidet skulle evaluerast i midten av 2010. Så i starten av juni sette leiar i FUG, Anne Sveaass, seg på flyet til Lusaka, saman med underteikna som er dagleg leiar i Norsk Farmasøytisk Selskap (NFS fungerer som sekretariat for FUG). Målet var å evaluere det noverande samarbeidet, og kanskje skaffe FUG nokre nye samarbeidspartnarar.

FUG har gjort mange erfaringar frå dei fire utreisene som har vore, og ynskte mellom anna å få presentert dette nærare for helseministeriet. I Zambia er alle primærapotek privateigde, medan sjukehusa inkludert sjukehusapoteka er offentlege. Dei er anten drivne av helseministeriet direkte eller av det semi-offentlege CHAZ på vegne av helseministeriet. FUG-farmasøytane har til dømes laga SOPar innan legemiddelhandsaming som òg andre zambiske sjukehusapotek kunne hatt nytte av. Ved å presentere funna som er gjort til helseministeriet, ville ein få løfta dette til eit høgare nivå som alle partar kunne ha nytte av.

For at FUG-prosjektet skal vere så matnyttig som mogeleg, er det viktig at the in-service training foregår i tråd med det zambiske myndigheiter ser på som optimalt. Alle sjukehusapoteka bestiller til dømes det meste av medisinar frå den statlege grossisten Medical Stores Limited (MSL). MSL har eigne bestillingsrutinar, og sjølv om desse ikkje alltid er optimale, må opplæringa gå i tråd med desse. Så kan ein heller diskutere eventuelle endringar av bestillingsrutinane og leveringsgraden med MSL og helseministeriet.

I Zambia er det per i dag om lag tusen farmasøytar. Dei aller fleste av desse er utdanna utanlands**. Dei har ei relativt god utdanning og er svært engasjerte i utviklinga av zambisk farmasi. For å optimalisere FUG-prosjektet har det difor også vore ynskjeleg med eit nærare samarbeid her.

Nøgde med samarbeidet
Første stopp på turen var Lusaka, og møte med Kirkens Nødhjelp. Dei har lang erfaring med å drive hjelpearbeid i Zambia, og er til stor hjelp med det praktiske når FUG-farmasøytane kjem til landet. Konklusjonen frå møtet var at begge partar er nøgde med samarbeidet så langt. Kirkens Nødhjelp held til på same stad som DanChurchAid (danske «Kirkens Nødhjelp») og Christian Aid (britiske «Kirkens Nødhjelp»). DanChurchAidog Christian Aid har, i motsetnad til Kirkens Nødhjelp, erfaring med å drive helsearbeid i Zambia mellom anna innan hiv/aids. Det var difor interessant å høyre om deira erfaringar. Møta med desse gjorde oss enda meir sikre på kor viktig det er å få til eit samarbeid med helsemyndigheitene for å få til eit berekraftig FUG-prosjekt.

Midt i smørauget
Anne Sveaass og underteikna valde å reise på evalueringstur til Zambia slik at vi òg fekk med oss dei zambiske «Farmasidagane». Kvart år arrangerer Zambisk Farmasøytisk Selskap (The Pharmaceutical Society of Zambia) eit to dagars Scientific Symposium. I år vart det arrangert i den kjende turistbyen Livingstone (der Victoria Falls ligg), og temaet var Increasing Access to Quality Medicines.

Her vart det to dagar med fullpakka «Farmasidagar»-program. Rundt 120 zambiske farmasøytar deltok inkludert 50 farmasistudentar. Av utlendingar var det berre oss to norske, samt Zoe Lim – ein malaysisk farmasøyt som tek doktorgraden i England med studieopphald i Malawi (naboland til Zambia).

Og vi var midt i smørauget når det gjaldt å skulle treffe samarbeidspartnarar. I tillegg til mange engasjerte farmasøytar både på regionalt og lokalt nivå var det innlegg frå representantar frå helseministeriet, leiaren av legemiddelverket, leiaren av WHOs Essential Drug og medicines managment i Zambia, representantar frå den offentlege grossisten MSL og frå CHAZ. Alle var farmasøytar og medlemmar av Zambisk Farmasøytisk Selskap. I tillegg var det innlegg frå fleire ulike helseorganisasjonar. Underteikna var førespurt om å halde eit innlegg med tittelen Enhancing Access to Quality Medicines – The Norwegian Experience, medan Anne Sveaass heldt eit innlegg om FUG og Zambia-prosjektet.

Det var relativt enkelt å få til uformelle treff mellom anna med helseministeriet og CHAZ under desse dagane. I tillegg vart det knytta god kontakt med Zambisk Farmasøytisk Selskap som representant for zambiske farmasøytar. Det vart bestemt at både helseministeriet og Zambisk Farmasøytisk Selskap skal delta i FUG-prosjektet. I eit Memorandum of Understanding skal det framgå kva oppgåver og plikter alle samarbeidspartnarar har, og i desse dagar vert det arbeidd med å sjå på kva rolle desse samarbeidspartnarane skal ha. Det blir også diskutert om FUG kan hjelpe til med å skaffe undervisningspersonell til farmasiutdanninga. Men dette er truleg noko som ligg litt lengre fram i tid.

Innlegga frå ulike delar av zambisk farmasi og helsevesen gav inntrykk av at det eksisterer gode strukturar som stadig vert betre, men at det framleis manglar ein del på implementering og oppfølging. Ein del av dette skuldast sjølvsagt mangel på farmasøytar. For eksempel har helseministeriet oppretta fleire nye stillingar som distriktsfarmasøytar, men det finst ingen til å fylle desse. Inntrykket er òg at Zambia får ein god del (økonomisk) stønad (spesielt frå USA), men at det er utruleg mange hjelpeorganisasjonar i landet og infrastrukturane er heller uklare. Mykje tyder på at det er mange som gjer ting parallelt, som det heller burde vore samarbeid om.

Behovet er til stades
På bakgrunn av dette er det tydelig at FUG-prosjektet representerer noko det verkeleg er behov for og som ikkje så mange hjelpeorganisasjonar yter, nemleg lokal opplæring på arbeidsplassen! Samt at eit samarbeid med helseministeriet og Zambisk Farmasøytisk Selskap vil kunnekvalitetssikre at arbeidet FUG gjer er i samsvar med det som er målsettinga til landet. Zambisk Farmasøytisk Selskap viste seg å ha eit utruleg stort nettverk av farmasøytar frå alle delar av zambisk farmasi, og vil kunne hjelpe til med at implementering av ulike SOPar vil kunne gå lettare og nå fleire.

Etter Farmasidagane var det ein dag med generalforsamling for Zambisk Farmasøytisk Selskap. Dette var vi så heldige å få delta på, sidan vi var frå ein søsterorganisasjon (Norsk Farmasøytisk Selskap). Medan Farmasidagane gav oss eit inntrykk av kva som rører seg i zambisk farmasi, gav generalforsamlinga oss eit innblikk i kva som rører seg blant zambiske farmasøytar. Og her er det fleire felles trekk enn ein kanskje skulle tru. Mellom anna jobbar zambiske farmasøytar, som norske, med å synleggjere kompetansen sin blant befolkninga og anna helsepersonell/helsemyndigheiter. Og så er farmasøytiske generalforsamlingar overraskande like, uansett om ein er i Noreg eller Zambia.

(Publisert i NFT nr. 9/2010 side 32–33.)