Anne Margrethe Hausken

Alder: 32 år

Sivilstatus: Sambuar

Utdanning: Cand.pharm. frå UiO

Arbeidsstad: Stipendiat ved Divisjon for epidemiologi, Nasjonalt folkehelseinstitutt. Orienteringsløpar (sjå www.amhausken.com).

Favorittlegemiddel: Hm ... eg tilfører nok ikkje Reseptregisteret mykje. Men jerntilskot må eg ha. Flytande. Elles ville eg falle gjennom som idrettsutøvar.

Favorittfarmasøyt: Håvard Selby Ebbestad. Eg synest det er utrolig flott at vi har ein engasjert og vidsynt cand.pharm. på toppen av Pfizer Norge.

Kvifor eg er nff-medlem: Eg vart medlem som student og er lojal. Men det er nok mest tidsskriftet eg har eit forhold til i dag. 

Kvifor eg vart farmasøyt: Eg visste tidleg at eg ville til Oslo, og der lokka farmasi- eller medisinstudiar. Eg søkte og kom inn på begge, men valde til sist farmasien. Den var mest meg.

I tida mellom dei 150 årlege reisedøgna, 12 treningsøkter per veke, ein orienteringssesong som strekkjer seg frå april til oktober, eit leiarverv i Utøvarkomiteen i Olympiatoppen, føredragsoppdrag og ein ambisjon om å ta VM-gull i Tsjekkia i juli – ho har «berre» to sølvmedaljar hittil – benkar Anne Margrethe Hausken seg blant bøker og dokument på Folkehelseinstituttet og prøver å skrive artiklar om doktorgradstematikken sin: Bruk av psykofarmaka.

— Akkurat no ser eg etter fellestrekk ved nye brukarar av anxiolytika, eller beroligande medikament, og kva vi eventuelt kan gjere for å førebygge medisinering.

Hausken er generelt uroa over den sterke auken i legemiddelbruk vi har opplevd dei siste tiåra.

— På tjue år har talet personar som kvart år mottek frikort nesten tidobla seg! Og kva er årsakene? Alder og dyrare legemiddel er sjølvsagt nokre, men livsstilsjukdommane vi behandlar er verstingane. Her trur eg det vil kome ei endring, kanskje behovsprøvd refusjon eller eit høgare tak på frikortet. Blåreven greip ikkje fatt i dette, men ved neste korsveg trur eg det kan skje noko drastisk.

Karmøy-jenta meiner det ville vere heilt rimeleg å krevje livsstilsendringar av pasientar med eksempelvis høgt blodsukker, høgt kolesterolnivå og høgt blodtrykk.

— Legemiddelomsetnaden må som kjend regulerast via bruk eller pris. Til no har styresmaktene berre regulert prisen, men bruksregulering må kome, trur ho.

— Staten kan ikkje fortsette å betale for våre dårlege levevanar. Det har den ikkje råd til. Folk må byrje å ta ansvar for sitt eige liv. Når politikarane torde å vedta røykelova, trur eg dei vil tore å fatte ei upopulær avgjerd som denne òg, seier ho.

— Og faktum er at dei fleste av oss har råd til å betale meir i eigenandel enn det vi gjer i dag.

For å redde det norske folket mot folkesjukdommar som diabetes og lidande blodårar med høge feittprosentar, trur doktorgradsstudenten at farmasøytane må kome seg opp frå reservebenken.

— Farmasøytar har nøkkelen til å kunne redusere feil- og overmedisinering, både på sjukehus og i samfunnet generelt. Det er vi som er legemiddelekspertane, og det må vi slutte å skjule. Vi må verte synlege! seier Hausken opprømt, og ho har ein plan:

— Start med studentane. Gjer dei medvitne om at media er der for å brukast – òg for farmasøytar. Dette krev mot og sjølvtillit, så det må byggast av medvitne lærarar og seinare av profesjonsorgan.

— Nokon må styre denne utviklinga gjennom ein tydeleg mediestrategi. Her trur eg kanskje Norges Farmaceutiske Forening ville vere rette organet, seier ho.

Hausken, som har overvunne journalistfobien sin for lenge sidan – kanskje har ho aldri hatt han – etterspør større toleranse for kollegaer som uttalar seg i media, men først og fremst mot.

— Ja, du kan verte feilsitert. Ja, journalistar gjer eit utval basert på andre preferansar enn dine eigne. Ja, du kan kometil å sjå ureflektert ut i ditt eige miljø fordi journalisten utelet atterhalda dine. Men folk les avisa i dag – ofte berre tittel og ingress – og fyrer ved med ho i morgon. Det er berre du sjølv som les saka du har uttalt deg i med argusauge.

— Som idrettsutøvar uttaler eg meg periodevis ofte i media, og eg har fått mine trøkkar. Særleg godt hugsar eg ei overskrift i VG til ei sak basert på eit føredrag eg hadde heldt. Føredraget handla hovudsakleg om noko heilt anna, men journalisten valde den eine vesle biten informajon som gav sprengstoff. Slikt meiner eg vi må tole.

Profesjonsstoltheit og rekruttering til yrket er to av årsakene til at Hausken er så opptatt av å gjere farmasøyten synleg.

— Sterkare profilering vil trekkje nye grupper studentar til faget og kanskje dermed gjere yrkesgruppa mindre homogen, noko eg trur bransjen, og folk flest, ville nyte godt av. Vi treng idealistar, men vi treng òg dei som er villige til å marknadsføre faget og kompetansen vår, seier Hausken.

Og kven veit, kanskje vert ho spesialrådgjevar i farmasøytisk mediehandtering etter orienterings-VM på Lillehammer i 2010?

(Publisert i NFT nr. 2/2008 side 34–35.)