Tekst: Tina Bakkebø, cand.pharm. og Jenny Bergman, cand.pharm., RELIS Vest

SPØRSMÅL

Farmasøyt kontaktar RELIS med spørsmål om biverknader ved langvarig bruk av 50 mg pyridoksin (vitamin B6). Farmasøyten har høyrt at dette kan gje nevropati og ataksi, og lurer på kva som meinast med lang tid, er det snakk om veker eller månader? Er dette såpass alvorlig at det er noko alle kundar bør få åtvaring om?

SVAR

Sensorisk nevropati er ein kjend biverknad av pyridoksin og er hovudsakleg beskrive ved langvarig inntak av høge dosar (1–2). Langtidsbruk er i ei kjelde definert som bruk i to månader eller lengre, og høg dose som 2 g eller meir dagleg (3–4). Alvorleg sensorisk nevropati er beskrive hos pasientar etter inntak av 2–6 g pyridoksin dagleg i periodar frå to månader til over tre år. Det er også nemnt at dosar på 1 g dagleg kan vere nok til å auke risikoen for utvikling av nevropati. Hos pasientar med eit dagleg inntak av 500 mg pyridoksin i to år utvikla ingen nevropati, men tilstanden førekom hos pasientar som brukte 1 g pyridoksin dagleg i periodar av ulik varigheit (2,5). Enkelttilfelle av pyridoksin-indusert nevropati er også beskrive ved dosar under 500 mg. Nevropatiar vart då observert hos kvinner som brukte 50-500 mg pyridoksin i periodar frå éin til fleire månader (2). Det føreligg ytterlegare kasusrapportar på nevropati ved pyridoksindosar opp til 500 mg dagleg og ved langvarig bruk av daglege dosar på rundt 200 mg eller mindre (4).

I tillegg til storleik av dose og varigheit av bruk kan også risikoen for nevrotoksiske effektar vere knytt til ein individuell disposisjon (2). Mekanismen bak nevrotoksisiteten er ukjend, men skjer truleg ved overskriding av levra si evne til å fosforylere pyridoksin, via det aktive koenzymet pyridoksalfosfat. Det er føreslått at pyridoksalfosfat kan forhindre nevropati forårsaka av pyridoksin, men sikkerheit eller dokumentasjon for dette føreligg ikkje (5).

Pyridoksin-indusert nevropati kjenneteiknast ved nummenheit og nedsett kjensle i ekstremitetar, i tillegg til ein gradvis forverrande sensorisk ataksi. Symptoma er vanlegvis reversible dersom pyridoksin seponerast ved første opptreden av nevrologiske symptom (5), men ein kronisk nevropati kan også oppstå (2). Symptoma kan forverrast fleire veker etter seponering, eit fenomen kalla coasting (6), og residualsymptom har vore rapportert hos pasientar som har brukt meir enn 2 g pyridoksin dagleg i lange periodar (5).

Ved mangeltilstandar hos vaksne er det i Noreg tilrådd tilskot av pyridoksin på 5–25 mg peroralt, i.m. eller i.v. dagleg i tre veker, deretter 1,5–2,5 mg dagleg i form av eit multivitaminpreparat (1). Enkelte sjeldne tilstandar krev doser opptil 1 g dagleg og det er tilrådd at pasientar som treng livsvarig tilskot av pyridoksin jamleg vert undersøkt for teikn til sensorisk nevropati (1–2). Vi kan derimot ikkje finne retningslinjer eller tilrådingar om medisinsk oppfølging ved periodevis inntak av dosar på 50 mg. Når det gjeld informasjon frå apotek tilrår ei kjelde at pasientar kan informerast om at dosar på 100 mg eller mindre truleg ikkje vil forårsake nevrologiske biverknader (5).

KONKLUSJON

Sensorisk nevropati er rapportert ved bruk av pyridoksin i høge dosar og over lang tid. I hovudsak gjeld dette dosar over 1 g dagleg og bruk over to månader. Bruk av 50 mg pyridoksin representerer ingen klart dokumentert risiko, men det finst likevel enkeltståande rapportar om nevropati ved bruk av dosar i denne storleiken. Nevropatiane er vanlegvis reversible.

Referansar

  1. Norsklegemiddelhåndbok for helsepersonell. www.legemiddelhandboka.no (12. november 2007).
  2. Aronson JK, editor. Meyler's side effects of drugs 2006; 15th ed.; vol.5: 2982.
  3. McEvoy GK, editor. The AHFS Drug Information 2006. Bethesda, MD: American Society of Health-System Pharmacists; 2006. Electronic version, (12. november 2007).
  4. Sweetman S (Ed), Martindale: The Complete Drug Reference. Pyridoxine. London: Pharmaceutical Press. Electronic version, Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: www.thomsonhc.com (12. november 2007).
  5. Natural Medicines Comprehensive Database. Pyridoxine. www.naturaldatabase.com (12. november 2007).
  6. Klasco RK (Ed): Pyridoxine (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: www.thomsonhc.com (12. november 2007).

(Publisert i NFT nr. 12/2007 side 4.)