Arbeidsgiver: Sjukehusapoteka Vest

Stillingstittel: Avdelingsleiarstilling i produksjon

Ansettelsesform:Fast

Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) er eit av dei største apoteka i landet, med eit stort produksjonsmiljø fordelt på to produksjonavdelingar; Avdeling for steril og ikke-steril produksjon og Avdeling for Tilsetningsservice.

Avdeling for steril og ikke-steril produksjon produserar legemidlar til enkeltbestilling og til lagerhold. Avdelinga er leverandør av apotekproduserte legemidler for heile Helse Vest, og er del av Serviceproduksjonsordninga med produksjon av sterile væskepreparat til apotek over heile landet. Avdelinga produserer også salvar/kremar og sterile væskepreparat på vegne av Norges Apotekforening (NAF-preparat). Avdelinga har omlag 20 tilsette.

Avdeling for tilsetningsproduksjon produserer mellom anna cytostatikakurer, smerteblandinger og total parenteral ernæring (TPN) til Helse Bergen og har omlag 30 tilsette.

Me søkjer no etter nye avdelingsleiarar til begge produksjonsavdelingane og ser etter deg som har lyst til å jobba med vidareutvikling av eit tenesteområde som er i stadig vekst og utvikling og som er en viktig komponent i primærhelsetjenesten. Skriv gjerne i søknaden om du søkjer på den einskilde avdeling eller om du søkjer begge avdelingar.

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeid med produksjonsfagleg utvikling, kvalitet og kompetanseutvikling saman med leiinga, medarbeidarane og kundane
  • Delta i regionalt samarbeid og føretaket sine arenaer på fagområdet
  • Vera pådrivar i forbetringsarbeid og prosessutvikling
  • Resultatansvar innan fag, økonomi og personal

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som farmasøyt
  • Erfaring frå apotekdrift, leiing og samarbeid
  • Det er viktig at du er god på å formidla, både skriftleg og munnleg, og at du har gjennomføringskondis
  • God IKT-kunnskap

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer ein tydeleg, handlekraftig og involverande leiar som er opptatt av relasjonsbygging og har evne til å inspirera og motivera, lytta og skapa tillit
  • Me ynskjer at du er løysingsorientert, utviklingsorientert og målretta, og skapar meistringsklima i avdelinga
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Vi tilbyr

  • Fast stilling i eit stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no