Arbeidsoppgåver
  • Ha ansvar for arbeidsprosessar på områda kvalitet, internrevisjon og ytre miljø i føretaket.
  • Vere systemansvarlig for føretaket sitt verksemdsstyringssystem, avvikssystem og stoffkartotek.
  • Gje råd og opplæring til leiarar og medarbeidarar og støtte opp om apoteka sitt arbeid på områdakvalitet og ytre miljø.
  • Ha ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av revisjonar.
  • Deltaking i nasjonale og regionale fora.
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov.
Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning på masternivå, lang relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningsnivå. 
  • Erfaring frå arbeid med verksemdsstyring, revisjon/revisjonsleiing og arbeid med oppfølging av avvik.
  • Gjerne erfaring frå apotek og spesialisthelsetenesta.
  • Gjerne erfaring frå komplekse organisasjonar og offentleg sektor.
  • God IKT-kompetanse og systemforståing. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar

Stillinga krev gode samarbeidsevnar og det er forventa at den som blir tilsett skal kunne drive frem og leie kvalitetsarbeid i tverrfaglege team.
Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og ha god rolleforståing.

Vi tilbyr
  • Føretaksadministrasjonen held til i moderne lokale i Møllendalsbakken 9 og har eit godt og uformelt arbeidsmiljø.
  • Samarbeid med eit kompetent farmasifagleg miljø.
  • Fleksibel ordning for arbeidstid og god pensjons- og forsikringsordning.
  • Løn etter avtale.

 Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,3 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no