Arbeidsoppgåver

Som leiar for nyetablert seksjon vil du få ei sentral rolle i å forme seksjonen sitt arbeid i samarbeid med sentrale ressursar i SAV og Helse Vest IKT;   

  • leie arbeidet med  IKT-fagleg utvikling,  informasjonstryggleik og systemarkitektur i føretaket. 
  • leie seksjonen sitt arbeid med forvaltning, utvikling/implementering og brukarstøtte for relevante system
  • bidra til planlegging på strategisk nivå for IKT-området for å understøtte regional og nasjonal utvikling
  • følgje opp deltaking i regionale og nasjonale prosjekt og samarbeidsorgan 
  • vidareutvikle føretaket sin funksjon for drift - og brukarstøtte 
  • overordna ansvar for kompetanse- og opplæringsplanar innan IKT i føretaket   
  • ha ansvar for føretaket sitt IKT budsjett 
  • ha budsjett- og personalansvar for seksjonen
  • bidra med saksførebuing til leiargruppe og andre forum
  • delta i prosjektarbeid etter avtale 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer deg med relevant IKT-utdanning fortrinnsvis på masternivå. Erfaring frå arbeid med informasjonstryggleik og planlegging av systemarkitektur er ein fordel. 
  • Erfaring frå utvikling og implementering av IKT-løysingar i større organisasjonar er ein fordel
  • Leiarerfaring og god rolleforståing blir vektlagt.
  • Du må kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Erfaring frå apotekverksemd eller føretak innan helsenæringa kan vere ein fordel.   

Personlege eigenskapar

  • Som seksjonsleiar for IKT og informasjonstryggleik må du ha gode samarbeidseigenskapar.
  • Du bør like utfordringar, være strukturert, ryddig, serviceinnstilt og kvalitetsbevisst.

Vi tilbyr

  • ein spennande arbeidsplass i ein kunnskapsorganisasjon
  • arbeid med modernisering, utvikling og fornying
  • ansvar og oppgåver med høve til påverknad og personleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte kollegaer
  • medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
  • løn etter avtale

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.