SAV og Helse Vest er inne i ei spennande fase, med utvikling og innføring av nye viktige teknologiske løysingar på legemiddelområdet. SAV forvaltar mellom anna modul for legemiddellogistikkog tek og del i utvikling av kjemoterapiløysing i Helse Vest si legemiddelkurve Meona. I tillegg er vi del av anskaffing og innføring av ny regional produksjonsstøtteløysing for legemiddel og arbeid med samordning av kurdefinisjonar for kreftbehandling.

Vi etablerer ny seksjon forIKT-støtte til pasientbehandling og søkjer etter leiar til seksjonen. Som seksjonsleiar vil du ha eit spennande og variert arbeidsfelt, der du får unik moglegheit til å påverke utviklinga av eit område som omfattar arbeid med viktige system på legemiddelområdet. Under dette oppgåver på områda prosjektoppfølging, innføring, forvalting og brukarstøtte.
Seksjonen inkluderer for tida 8 medarbeidarar med god fagkompetanse innan farmasifag, utvikling, validering, implementering og forvalting av apoteksystem og er plassert i Fagavdelinga i Føretaksadministrasjonen. Du vil samarbeide tett med ny seksjon i SAV for IKT og informasjonstryggleik, Helse Vest IKT og fagressursar i SAV.Seksjonsleiar rapporterer til fagdirektør.

 

Arbeidsoppgåver

  • leie seksjonen sitt arbeid med forvalting, utvikling/implementering og brukarstøtte for relevante sytem
  • følgje opp deltaking i regionale og nasjonale prosjekt og samarbeidsorgan på legemiddelområdet
  • bidra til planlegging på strategisk nivå for IKT-området i føretaket for å understøtte regional og nasjonal utvikling
  • ivareta ansvar for kvalitetsarbeid, kompetanse- og opplæringsplanar i seksjonen
  • ha budsjett- og personalansvar for seksjonen
  • bidra med saksførebuing til leiargruppe og andre forum
  • delta i prosjektarbeid etter avtale

Kvalifikasjonar

  • vi søkjer deg som har master i farmasi
  • det er ein fordel med relevant tilleggsutdanning fortrinnsvis på masternivå, gjerne innan helseinformatikk eller tilsvarande
  • erfaring frå utvikling, implementering og forvalting av IKT-løysingar i større organisasjonar er ein fordel
  • leiarerfaring og god rolleforståing blir vektlagt
  • du må kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • erfaring frå apotekverksemd eller føretak innan helsenæringa kan vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidseigenskapar
  • du bør like utfordringar, være strukturert, ryddig, serviceinnstilt og kvalitetsbevisst
  • interesse for og ønskje om å utvikle eigne leiaregenskapar
  • fleksibilitet til å ta på seg nye arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • ein spennande arbeidsplass i ein kunnskapsorganisasjon
  • arbeid med modernisering, utvikling og fornying
  • ansvar og oppgåver med høve til påverknad og personleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte kollegaer
  • medlemskap i pensjonsordning som sikrar gode pensjonsrettar
  • løn etter avtale

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no