F

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Nyheter - Forskning - Trender

Fagsjef for farmasøytiske tenester- Sjukehusapoteka Vest HF

Sjukehusapoteka Vest HF

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa. Ein viktig del av dette er gode publikumsutsal. Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

 

Stilling som fagsjef for farmasøytiske tenester er lagt til Fagavdelinga i Føretaksadministrasjonen i Bergen og rapporterer til Fagdirektør. Stillinga har òg ei sentral rolle i arbeid med forsking og utvikling på tvers av fagområda i Sjukehusapoteka Vest.

Farmasøytane i Avdeling for farmasøytiske tenester samarbeider tett med sjukehusavdelingane om mellom anna rådgjeving, samstemming, legemiddelgjennomgangar, revisjonar og undervising. Fleire av våre tilsette deltek i forskings- og utviklingsprosjekt. Vi har mål om at vårt forskings- og utviklingsarbeid skal støtte opp om kvalitet av pasientbehandling i sjukehusa og bidra til å utvikle sjukehusapoteket sin rolle i spesialisthelsetenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeid med farmasifagleg utvikling, kvalitet og kompetanseutvikling på området farmasøytiske tenester iføretaket
  • Ha prosesseigarskap for arbeidsprosessar tilknytt ansvarsområdet
  • Holde seg oppdatert på og følgje opp beste praksis på området
  • Nasjonalt samarbeid om vidareutvikling av fagområdet
  • Legge planar for, koordinere og vere pådrivar for føretaket sitt arbeid med forsking, utvikling og innovasjon på alle fagområder.
  • Utarbeide årlege mål og handlingsplanar for ansvarsområda i samsvar med føretaket sin strategiplan, årleg styringsdokument og kunden sine behov
  • Koordinere og støtte i arbeid med søknader om midlar til forsking og utvikling.
  • Deltaking i prosjektarbeid
  • Sakshandsaming for føretaksleiing og styre

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer deg som er farmasøyt, har leiarerfaring og minst 5-10 års relevant arbeidserfaring, gjerne frå større organisasjonar
  • Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid
  • God IKT-kompetanse og systemforståing
  • PhD er ein fordel men ikkje eit krav

Utdanningsretning

  • Farmasi og apotekteknikk
  • Utdanningstittel: Farmasøyt

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein medarbeidar som er ansvarleg, handlekraftig, endringsvillig, kommuniserande, inspirerande og heilskapstenkjande
  • Du er ein nytenkande og framoverlent lagspelar som ønskjer å delta i utforming av sjukehusapoteket sin rolle på legemiddelområdet i spesialisthelsetenesta
  • Rette personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Føretaksadministrasjonen held til i moderne lokale i Møllendalsbakken 9 og har eit godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Vestlandet sitt største farmasifaglege miljø
  • Fleksibel ordning for arbeidstid og god pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Om lag 25 reisedagar

 

Nærmere opplysningar om stillinga kan fås ved henvendelse til rådgjevar Ina Ottesen (+47 41283497) og fagdirektør Christer B. Frantzen (+47 99642588).

Se fullstendig utlysningstekst og lenke til elektronisk søknad her.


Søknadsfrist: 19. august 2018

Firmanavn:
Sjukehusapoteka Vest HF
Kontaktperson:
Ina Ottesen og Christer B. Frantzen
E-post:
Telefon:
412 83 497
Telefon:
996 42 588
Søknadsfrist:
19. august 2018