F

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Nyheter - Forskning - Trender

Legemiddeløkonomisk rådgjevar i fagavdelinga

Sjukehusapoteka Vest HF

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
 

Nyoppretta stilling som legemiddeløkonomisk rådgjevar får ein sentral rolle i arbeid med å redusere pengebruk på legemiddelområdet i Helse Vest.
Samla kjøp av legemiddel i Helse Vest i 2017 var på nesten 1,4 mrd NOK, og tendensen er aukande. Overføring av finansieringsansvar for legemiddel til spesialisthelsetenesta og nye kostbare legemiddel er viktige drivarar for auken. Etterleving av innkjøpsavtaler er eit viktig verktøy for å avgrense vekst.
Stillinga er lagt til Fag- og utviklingsavdelinga i Sjukehusapoteka Vest (SAV) og rapporterer til fagdirektør.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av lojalitet til innkjøpsavtalar på legemiddelområdet i helseføretaka.
  • Utarbeiding og oppdatering av relevant statistikk og informasjonsmateriell.
  • Rettleiing, opplæring og oppfølging i SAV og helseføretaka.
  • Samarbeid med økonomisk og helsefaglege analysemiljø i regionhelseføretak, helseføretaka, og sjukehusapotekføretaket.
  • Samarbeid med fagmiljø i Sykehusapotekene sin legemiddelstatistikk (SLS) og Sykehusinnkjøp divisjon legemidler.
  • Pådrivar for gode arbeidsprosesser, innovasjon og utviklingsarbeid i SAV.
  • Andre oppgåver etter avtale med leiar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søker en fagleg dyktig medarbeidar som ønsker å utvikle SAV sin rolle i rådgjeving av helseføretaka i spørsmål om legemiddeløkonomi. Vi ser etter deg som er utdanna provisorfarmasøyt med erfaring frå arbeid i sjukehusapotek og rådgjeving av tilsette i sjukehus. Du har god forståing av statistisk materiale og kan bruke digitale analyseverktøy.

Personlege eigenskapar

Stillinga krev særs gode samarbeidsevner, og det er forventa at den som blir tilsett skal kunne drive fram og leie utvikling gjennom teamarbeid i tverrfaglege miljø. I tillegg kunne arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass i eit kunnskapsrikt kollegium
  • Utvikling gjennom tverrfagleg samarbeid med dyktige fagfolk i Helse Vest
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte kollegaer
  • IA-verksemd

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

 

Kontaktpersonar:

Ina Ottesen (rådgjevar), tlf: 41283497

Christer B. Franzen (fagdirektør), tlf: 99642588

Søk på stillingen her

Firmanavn:
Sjukehusapoteka Vest HF
Kontaktperson:
Ina Ottesen
E-post:
Telefon:
412 83 497
Søknadsfrist:
13.januar 2019