F

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Nyheter - Forskning - Trender

Sjukehusapotekar- Sjukehusapoteket i Førde Sjukehusapoteka Vest HF

Sjukehusapoteket i Førde

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
 

Sjukehusapoteket i Førde har i dag 20 årsverk. Sjukehusapoteket leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Førde. Som sjukehusapotekar har du eit spennande og variert arbeidsfelt der du får ein unik moglegheit til å påverke utviklinga av fagområdet lokalt og i Helse Vest. Du blir medlem av føretaket sin leiargruppe og rapporterer til administrerande direktør. Sjukehusapoteket i Førde står føre ei spanande tid med utvikling av heilt nye apoteklokaler i Førde sentralsjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Som apotekar er du øvste leiar for apoteket med administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling. Vidareutvikling av samarbeidet med Helse Førde og utvikling av eigen organisasjon saman med dei to avdelingsleiarane står sentralt.

Kvalifikasjonar

  • Som apotekar må du ha gode leiareigenskapar. Du bør like utfordringar, være strukturert, ryddig, serviceinnstilt og kvalitetsbevisst. Du må kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg med både tilsette, kundar i apoteket og helsepersonell.
  • Vi søker deg som er utdanna master i farmasi, som har leiarerfaring og interesse for utvikling av farmasifag og teknologistøtte.

Personlege eigenskapar

  • Du likar samarbeid og er positiv - imøtekommande og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
  • Du er pliktoppfyllande - tek ansvar og fullfører oppgåver
  • Du er open for endringar – og likar nye utfordringar
  • Du har forståing for leiarrolla og har ønskje om å utvikle deg som leiar
  • Rette personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Spennande leiarstilling i eit sjukehusapotek i utvikling
  • Stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Om lag 25 reisedagar

Kontakt:

Jon Bolstad, administrerende direktør, tlf: 932431542

Berit Berntsen, HR og org. direktør, tlf: 48162688

 

Søk på stillingen her

Firmanavn:
Sjukehusapoteket i Førde
Kontaktperson:
Jon Bolstad
E-post:
jon.bolstad@sav.no
Telefon:
932 43 152
Søknadsfrist:
16.september 2018