F

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Nyheter - Forskning - Trender

Sjukehusapoteket i Førde søkjer farmasøytar!

Sjukehusapoteket i Førde

Sjukehusapoteket i Førde er eit av fire apotek under Sjukehusapoteka Vest HF. Apoteket leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til det private og Helse Førde HF. Føretaket er i nasjonal teknologisk front i forhold til elektronisk bestilling, innsal av apotekststyrt legemiddellager og automatisering av lagerfunksjonar. Dei om lag 20 tilsette i Førde er i fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.

Kundemøter er det viktigaste i vår kvardag. Vi søker derfor dyktige farmasøytar som trives med aktiv kunderettleiing. Vi har nå ein ledig fast stilling som farmasøyt ved publikum og sjukehusekspedisjonen. I tillegg har vi eit 6 månadars vikariat ledig i vår publikumsavdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til gode kundemøter i sjølvval og reseptur. Herunder reseptekspedisjon, reseptkontroll og rettleiing
  • Ordremottak
  • Plukk og klargjering av legemiddel leveransar Oppfølging av LAR bestillingar
  • Oppgåver knyta til vareflyt og varehandtering
  • Apotekstyrt legemiddellager
  • Oppfølging av avtalepreparat og mangelsituasjonar
  • Andre arbeidsoppgåver og spesialoppgåver kan tilfalla ved behov og kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Farmasøyt med autorisasjon
  • Relevant arbeidserfaring er ønskeleg
  • Meistre norsk, skriftlig og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar

Utdanning

  • Farmasi og apotekteknikk
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Eigenskapar

  • Vi ønsker ein medarbeidar som er nøyaktig, ansvarlig, serviceinnstilt og taklar høgt arbeidstempo i periodar
  • Du er fleksibel, kundeorientert og oppmerksam
  • Vi ser og gjerne at du er initiativrik, sjølvstendig og bidreg til eit positiv arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vet på å vera personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Jobb i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Arbeidsgjevar er IA-bedrift

Om arbeidsgiveren

 

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

 

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Søknad merkes:3932138699

Sektor:Offentlig

Sted:Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Bransje:Farmasi og legemiddel

Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Farmasøyt

Søk på stillingen her

Firmanavn:
Sjukehusapoteket i Førde
Kontaktperson:
Ina Ottesen og Charlotte Grane
E-post:
Telefon:
412 83 497
Søknadsfrist:
7.oktober 2018