F

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Nyheter - Forskning - Trender

Vil du bli avdelingsleiar på sjukehusapoteket i Stavanger?- Sjukehusapoteka Vest

Avdelingsleiar, sjukehusapoteket i Stavanger

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
 

Eit av landets største farmasifaglege miljø ønskjer deg med på laget!
Sjukehusapoteket i Stavanger leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Stavanger, og er eit av landets største apotek med omlag 55 tilsette. Sjukehusapoteket er delt inn i fire avdelingar: publikumsekspedisjon, produksjon, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytisk rådgiving.
Sjukehusekspedisjonen leverer legemiddel som trengs i behandlinga til sjukehuset .

Er du vår nye leiar i Sjukehusekspedisjonen? Stillinga rapporterer til sjukehusapotekar og er del av leiargruppa ved apoteket.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle avdelinga i tråd med mål, planar og kunden sine behov
  • Kvalitetssikre legemiddelhandtering
  • Budsjett og resultatansvar, herunder oppfølging av KPI-er
  • Personalansvar; Legge til rette for godt arbeids- og læringsmiljø og god planlegging av arbeidet
  • Delta i drift etter behov
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i farmasi med autorisasjon
  • Erfaring frå drift av apotek
  • Leiarerfaring, fortrinnsvis frå apotek
  • Erfaring med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø er ønskjeleg
  • Må meistre godt norsk, skriftlig og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev gode samarbeidsevner, og det er forventa at den som blir tilsett skal kunne drive fram og leie utvikling gjennom teamarbeid i tverrfaglege miljø. I tillegg kunne arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du er positiv og imøtekommande og bidreg til trivsel og godt arbeidsmiljø.
  • Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Fast stilling i eit stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer

SØK PÅ STILLINGA

Kontaktinformasjon:

Ina Ottesen (rådgjevar): 41 28 34 97

eller

Tonje Folkvang (sjukehusapotekar): 91 14 46 39.

Firmanavn:
Avdelingsleiar, sjukehusapoteket i Stavanger
Kontaktperson:
Ina Ottesen
E-post:
Telefon:
412 83 497
Søknadsfrist:
31.mars 2019