Denne veka disputerer Hennie Marie Johnsen, den seinaste nærings-ph.d.-en ved FAI. Både arbeidsgjevar, veiledarar og kandidaten rosar prosjektet.

Prosjektet starta med at professor Jo Klaveness ved Farmasøytisk institutt i 2020 gjennom sitt selskap Drug Discovery Laboratory AS hadde kontakt med det vesle legemiddelfirmaet Nacamed, som spesialiserer seg på silisiumbaserte nanopartiklar. Han vart raskt merksam på at ei av dei tilsette, Marie Johnsen, var spesielt flink og oppegåande.

I Nacamed hadde dei snakka om at Johnsen burde ta ein doktorgrad hjå dei. Det var litt diskusjon om kvar, og Klaveness var naturleg nok mest innstilt på at det skulle bli på UiO. Og slik vart det.

— Eg måtte ha ein veiledar til, så eg søkte på nettsidene til Farmasøytisk institutt etter nokon som forska på nanopartiklar. Der fann eg namnet til professor Marianne Hiorth, og Jo og eg vart einige om å ta kontakt med henne, seier Johnsen.

Støtteordning frå Forskingsrådet

— Nanopartiklar kan eg, men ikkje akkurat den typen partiklar, seier Hiorth.

— Så i tillegg til at det var fint å bli spurt, var det òg veldig spennande fagleg. Det er veldig stor tverrfaglegheit i dette prosjektet.

Tverrfaglegheita vart understreka av veiledaren frå arbeidsgjevaren. Werner Filtvedt er COO i Nacamed og har ein doktorgrad i termofysikk. Filtvedt er ein av dei to oppfinnarane av teknologien omkring silisiumpartiklane som Johnsen har jobba med.

Søknad vart sendt til Forskingsrådet si støtteordning for nærings-ph.d.-ar og innvilga. Dermed var det klart for doktorgradsprosjekt for Johnsen som tilsett i Nacamed og to veiledarar på UiO. At dei fysisk har halde til på ulike stader har ingen av dei opplevd som noko problem.

Miljø som ynskjer framdrift

— Marie er veldig sjølvstendig. Med det meiner eg ikkje berre at ho er i stand til å arbeida på eigen hand, men ho nøler heller ikkje med å ta kontakt når ho har spørsmål eller lurer på andre ting. Då er det litt enklare å gje hjelp òg, seier Hiorth.

— Då er det ikkje så farleg at vi ikkje ser kvarandre kvar dag.

Filtvedt understrekar at det har vore viktig for Nacamed at Johnsen har fått arbeida med gjennomføringa av doktorgraden.

— Når personar med Marie sin gjennomføringsevne får tilgang på ressursar, blir det framdrift. Så det å vera i eit miljø som ynskjer at du skal har framdrift, og som kan tilby ressursar å trekkja på, det er veldig god match, seier han.

— Og sjølv om Marie har publisert artiklar fortløpande, har Jo heile tida vore der og passa på at vi fyrst har fått levert patentsøknad på vegner av Nacamed.

Vinn-vinn-situasjon

Klaveness understrekar at det er ein fordel at det er tilsett folk med akademisk bakgrunn hjå arbeidsgjevar, som det er hjå Nacamed.

— Då ser ein verdien av både å publisera vitskapleg og å søkja patent. Marie har ikkje berre namnet sitt på fem vitskaplege artiklar i doktorgraden sin, men òg på fire ulike patentsøknadar.

— Eit godt samarbeid om ein nærings-ph.d. er ein vinn-vinn-situasjon for alle: næringslivet, akademia og doktorgradskandidaten sjølv, seier Klaveness.

Johnsen er den fjerde nærings-ph.d-en som disputerer ved Farmasøytisk institutt.

Til inspirasjon for fleire

— Matematisk-naturvitskapleg fakultet har gjennom fleire år arbeidd aktivt for eit tettare samarbeid med arbeidslivet, og vi trenger gode verkemiddel som stimulerer samarbeid, seier dekan Solveig Kristensen.

— Nærings-ph.d. er nettopp ei slik ordning, som gjev akademia og næringslivet gode moglegheiter for å jobba saman om utfordrande problemstillingar. Farmasøytisk institutt er eit av institutta våre som har lukkast med å ta dette verkemiddelet i bruk, med positive erfaringar. Det kan vera til inspirasjon for fleire av fagmiljøa våre.

Moglegheit til å jobba tett med industrien

Instituttleiar ved Farmasøytisk institutt, Kathrin Bjerknes, gjev uttrykk for eit sterkt ynskje om å auka talet på nærings-ph.d.-kandidatar.

— Dette initiativet er ein del av ei større satsing på å styrkja samarbeidet mellom akademia og næringslivet, seier ho.

— Nærings-ph.d.-ordninga gjev kandidatane moglegheita til å jobbe tett med industrien. Det gjev ikkje berre verdfull erfaring, men fremjer òg innovasjon innan feltet.

Attraktive kandidatar

Ho forklarar at Norsk forskingsråd, som står bak ordninga, har som mål å stimulera til samarbeid mellom universiteta og næringslivet for å sikre at forskinga er relevant og nyttig for arbeidslivet.

— I tillegg fører utveksling av kompetanse og samarbeid mellom instituttet og arbeidsgjevarar til at undervisinga vår er relevant for arbeidslivet. Det gjer våre kandidatar attraktive.

 

Forskingsrådet lyser i desse dagar ut 110 mill. kr. til nye nærings-ph.d.-prosjekt. Utlysingsteksten er foreløpig uferdig, men søknadsfristen 12. mars er i alle fall bestemt.