Om medaljen

  • Det er Det Kongelige Selskap for Norges Vel som deler ut Medaljen for lang og tru teneste.
  • Medaljen symboliserer at verksemda sett pris på erfaring og stabilitet. Samstundes viser han at bedrifta er ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode vekstvilkår for arbeidstakaren.
  • Det er arbeidsgjevar som søker om Medaljen, og står for overrekkinga.
  • Medaljen er i sølv med eit nasjonalfarga band på grønn botn. Diameteren er 31 millimeter.
På forsida er den romerske seiers gudinna Victoria, på baksida ein laurbærkrans. I feltet i midten står mottakarens namn og årstalet for tildelinga.
  • Selskapet blei stifta i 1809 og er ein open og frittståande organisasjon som skal arbeide for heile samfunnets beste.

Til saman har dei jobba i byens to apotek i snart 200 år.

— Og fleire andre er nær ved å kvalifisere for medaljen, fortel apotekar Håvard Horn (31) ved Vestvågøy apotek, ein jypling i samanhengen.

I tillegg kan mange av byens pensjonerte apotektilsette smykke seg med utmerkinga, som vert gitt arbeidstakarar med minst 30 år hos same arbeidsgjevar.

Stortrivst
I vinter fekk ekteparet Arne og Aase Solhaug og Eva Kristine Granhus medaljen. Tidlegare har han blitt gitt Håkon Håkonsen og Randi Alexandersen. Alle utanom Aase Singsaas Solhaug jobbar ved Vestvågøy apotek. Ho har nyleg gått over til Apotek 1 Lofotsenteret – der apotekar Inger Nysted Benjaminsen for øvrig snart oppfyller sine 30 år.

— Kva skuldast denne sterke lojaliteten, Håvard Horn?

— Først og fremst eit bra arbeidsmiljø og god trivsel, meiner han.

— Apoteka i byen har bygd opp eit godt team over lang tid, noko som har resultert i at personalet kjenner seg svært samansveisa, fortel han vidare.

Sjølv byrja han som apotekar ved Vestvågøy apotek i 2005, berre 26 år gamal.

— Eg var heilt fersk frå skulebenken, så det var litt skummelt, men samstundes kjendest det trygt å ha ein så solid stab i ryggen!

(Publisert i NFT nr. 6/2010 side 32.)