Gunnstein Nordheim

Alder: 32 år

Sivilstatus: Ugift

Utdanning: Doktor i vaksineforsking, UiO

Arbeidsstad: Senter for vaksinologi og tropemedisin ved universitetet i Oxford

Favorittlegemiddel: Zyrtec, mot effekten av myggstikk. Ein gong då eg var liten forvandla to myggstikk ved augo meg til liksomkinesar. Det freistar ikkje til gjentaking.

Favorittfarmasøyt: Kari Midtvedt Olsen. Nesten heile sitt vaksne liv har ho jobba på eit sjukehus i Tanzania som ho og mannen var med å bygge opp. Arbeidet hennar har inspirert meg mykje. 

Kvifor eg ikkje er NFF-medlem: Eg var ei stund dobbeltmedlem i NFF og Forskarforbundet, men sistnemnde gav meg etter kvart det eg trong og då syntest eg medlemskapet i NFF, som eg heldt på berre for å få NFT, vart litt råflott ...

Kvifor eg vart farmasøyt: På gymnaset var eg veldig interessert i kjemi, mykje på grunn av ein usedvanleg entusiastisk kjemilærar. Og så ønska eg å jobbe helserelatert. Dessutan vart eg påverka av erfaringa mi som løpegut på det trivelege apoteket heime på Øystese.

Farmasøyten vert stadig viktigare og bør i framtida ha mange fleire ulike roller enn i dag, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, meiner mannen som nyleg har påvist at ei enkelt framstilt vaksine som dannar antistoff mot protein på meningokokkar kan vere eit alternativ til den velkjende polysakkaridbaserte vaksina (les artikkel).

— Blant anna til utvikling av vaksiner.

Frå å forske på korleis helsestyresmakter kan hjelpe dei mange som årleg vert råka av hjernehinnebetennelse i Afrika, sit hardangerguten no på eit universitetskontor i Oxford og funderar på korleis han kan hjelpe oss vestlege med våre typar hjernehinnebetennelse.

— Farmasøytar egnar seg svært godt til forsking. Vi er oppdratt til nøyaktigheit, til å vere grundige og til å jobbe tverrfagleg. I doktorgradsarbeid, og forskingsprosjekt generelt, vert vi tvungne til å arbeide i heterogene grupper og dermed på tvers av fag - saman med fagfolk i tilgrensande bransjar, fortel Gunnstein Norheim.

— For meg har dette vore veldig utvidande, og det har fått meg til å tenke at kanskje fleire farmasøytar burde freiste det same, seier han og understrekar i same andedrag kva essensen i helserelatert arbeid bør vere:
— Alle i helsetenesten jobbar jo mot eitt felles mål; å betre folk si helse totalt sett. For å kunne gjere denne jobben bra, bør vi kjenne til dei som er i same ærend. I eit slikt perspektiv er det både riktig og viktig å løfte blikket ut over eige fag. Farmasøytar kan nokre gonger verte for detaljorienterte og miste overblikket. Vi må bli flinkare til å ta posisjonar der farmasien har ein kjerneverdi og vise fram vår spesialkompetanse!

— Kanskje er det berre eit gode at for mange farmasøytar vert uteksaminert kvart år. Kanskje vil det tvinge fleire av oss inn i nye, utradisjonelle roller i arbeidslivet.

Sjølv har Gunnstein Norheim vald seg vaksineforsking. Til no har han vore knytt til ulike meningittprosjekt ved Folkehelseinstituttet, blant anna i Etiopia og Burkina Faso. I desember gjekk han over i ei post.doc.-stilling i Storbritannia med vaksineforskar Andrew Pollard som mentor. Moglegvis symptomatisk for den politiske vilja her heime kva gjeld vaksinesatsing?
— I Noreg er det få miljø som arbeider med utvikling av vaksiner.

Legemiddelutvikling er eit langsiktig prosjekt som ideelt sett bør vere føreseieleg for alle involverte, særleg utviklaren. Forskingsrådet er på rett veg no, og eg håpar dei vil lage program som sørgjer for langsiktig støtte til slike prosjekt. Dette krevjer sterk politisk vilje og mot. Pengane har vi, meiner Norheim som er overtydd om at det mest riktige er å bruke offentlege middel til vaksineutvikling for u-land.

— Offentlege institusjonar sit på det meste av kompetansen og er dei som framskaffar ideane, og då er det desse som må spele hovudrolla i produktutviklinga òg.

— Det utfordrande med legemiddelutvikling i offentleg regi er at prosessen tek lenger tid enn om arbeidet skulle bli gjort av eit privat selskap som ville kjenne kniven hardare på strupen for å levere eit produkt i andre enden. Såleistrur eg samarbeid med private aktørar kan ha ein god effekt.

Norheim knytt stort håp til eit WHO-leia meningittprosjekt i Burkina Faso som Forskingsrådsprogrammet Globvac nett har bestemt seg for å støtte i tre år.

— Noreg innser etter kvart at vaksinering er kostnadseffektiv bistand og har gitt mykje pengestøtte, i det siste særleg inspirert av FN sine Tusenårsmål. Hittil har vi ikkje involvert oss teknisk, i distribusjon og i utvikling, men det håper og trur eg vil endre seg no.

Sjølv om vaksineforskaren set global legemiddelutvikling og vaksinasjon høgt oppe på lista over farmasifaget si «dette må vi berre gjere»-liste, er han klår på at vi ikkje må gløyme lokalsamfunnet.

— Farmasøyten har først og fremst ei nøkkelrolle i å gje omsorg og oppfølging kring det å ta eit legemiddel. Dette må skje diskret og seriøst. Vi må aldri tillate at sal får dominere biletet i primærapoteket slik at faget og helseuttrykket forsvinn ut av syne. Det trur eg på sikt kan svekke folk sitt syn på faget og ikkje minst integriteten til apoteket, åtvarar Norheim.

(Publisert i NFT nr. 1/2008 side 38–39.)