Elham Kossary


Foto: Monica Bjermeland

Alder: 39

Sivilstatus: Sambuar

Utdanning: Cand.pharm. frå Universitetet i Teheran

Arbeidsstad: Statens legemiddelverk, Avdeling for tilsyn

Favorittmedisin: Vitaminar!

Favorittfarmasøyt: Mange, det vil seie ingen spesiell. Eg har alltid hatt kollegaer eg har sett opp til og prøvd å lære mest mogleg av. Slik plukkar eg gjerne ein god eigenskap frå den eine, ein annan frå den neste og så vert vonleg sluttresultatet bra.

Kvifor eg er nff-medlem: Det må eg jo! Eg har stor tru på å vere organisert, på å støtte og verte støtta – på å stå saman, heilt enkelt. 

Kvifor eg vart farmasøyt: Eg hadde fleire val; snusa både på medisin, jordmoryrket og botanikk. Men farmasi trakk det lengste strået fordi faget verka ryddig og samstundes svært breidt. Innanfor farmasibransjen kan eg jobbe utruleg variert, og det tiltrekkjer meg.

Men det tek Elham Kossary med knusande ro. Ho har heile tida folkehelsa i tankane når ho tek sine avgjersler som klassifiserar. Kvart år får ho tusen saker på bordet sitt; blant anna frå produsentar og importørar som gjerne ønsker at varen deira skal få marknadsførast som kosttilskot eller kosmetikk. Mange gonger får dei ikkje lov.

— Målet mitt er å sleppe færrast mogleg varer med medisinske eigenskapar som vil klassifiserast som legemiddel ut på marknaden. Difor er avgjerslene våre veldig ofte upopulære, fortel Kossary.

— Når vi klassifiserer ei vare som legemiddel, aukar sjølvsagt krava til dokumentasjon og dette hindrer normalt marknadstilgang. Men verda er jo slik at ikkje kven som helst kan handtere salg og marknadsføring av legemiddel. Ei avgjersle om klassifisering kan ha store konsekvensar for folkehelsa, difor må vi vere effektive og sikre.

— Heldigvis er klassifisering ein disiplin som, både nasjonalt og internasjonalt, er på veg til å verte meir forutsigbar og harmonisert. Nett slik vi ønsker det, seier ho.

Det Kossary derimot ikkje ønsker, er at folk si lemfeldige haldning til kosttilskot får fortsette å vekse.

— Den haldninga er livsfarleg! Mange menneske trur faktisk at alt som kjem frå naturen er uskadeleg, informasjon naturlegvis produsentar og importørar av naturmiddel har planta i hovuda deira. Her har Legemiddelverket ei stor informasjonsoppgåve framfor seg. Frå mi avdeling prøver vi å fortelje folk at opium og hasj òg kjem frå naturen ...

— Dei fleste legemiddel kjem jo frå naturen, opphavleg sett. Seinare har vi klart å framstille identiske og liknande preparat kjemisk òg, minner ho om.
Kossary opplevde same haldning til naturmiddel i Iran, hennar første heimland.

— Oppfatninga av kva naturmiddel kan utrette er i høgste grad internasjonal. Men eg er nok meir bekymra for Iran enn Noreg. Tilgjenget er mykje større der nede og haldninga endå meir liberal. Årsaka til det kan vere kulturell, trur eg; dei fleste naturmiddel kjem jo nettopp frå austlege land.

26 år gamal, rett etter fullført studium, måtte Elham Kossary forlate heimlandet sitt. Noko tilfeldig hamna ho i Noreg. Etter å ha gjennomført eksamenar og ei ny hovudfagsoppgåve, vart ho registrert som farmasøyt og kunne byrje å jobbe. Ho har vore innom tre apotek samt jobba som tilsynsfarmasøyt på eit sjukehusapotek i Oslo.

— Farmasien er svært internasjonal i sitt vesen. Managementsystema i Noreg og Iran er ulike og utdanningssystema forskjellig lagt opp, men dei faglege forskjellane er minimale - innhaldet heilt identisk.
Og fagidioten Kossary veit kva ho snakkar om. Ho er «eitt hundre prosent nøgd» med jobben sin og nølar ikkje eitt sekund med å råde andre farmasøytiske fagidiotar til å gje Legemiddelverket ein sjanse.

— Dette er den mest allsidige jobben eg har hatt i mitt yrkesliv, og det får meg til å kjenne meg veldig heldig. Det finst få stillingar i verda for ein person med så brei utdanning der ein kan bruke all fagkunnskapen sin, trur ho.

Då er ho meir bekymra for dei apotektilsette, som i aukande grad er tvungne til å tenke sal og økonomi itillegg til fag.

— Der utnyttar vi ikkje farmasøyten sine ressursar til fulle for tida. Ho vert brukt som ei brikke til å tene pengar heller enn å betre helsa til folk. Fokuset ligg på inntening heller enn fagutvikling. Og det er alvorleg.

— Slik var det ikkje då eg først byrja å jobbe i apotek i Noreg i 1996. Vi står i fare for å fjerne oss frå faget, og denne tendensen er ein reell trussel mot folkehelsa, fryktar Kossary.

— Men økonomi må vel vere ein stor del av det lokale og nasjonale legemiddelfaget?

— Ja, men verda er full av ressursar! Det er fordelinga vi må verte betre på. Helseaspektet må ha forrang på økonomisk gevinst. Vi kan ikkje tillate at folk si helse får lide nød fordi investorar vil tene pengar.

— Ei slik haldning kan i siste instans skade rekrutteringa til faget. Og då er det verkeleg fare på ferde.

(Publisert i NFT nr. 4/2008 side 32–33.)