Anne Sveaass

Alder
28 år

Sivil status
Sambuar

Utdanning
Cand.pharm. frå Universitetet i Oslo

Arbeidsstad
Schering-Plough Norge, immunologiavdelinga

Favorittmedisin
Kan eg svare Remicade (som ho sjølv sel, red.anm.)? Eg vil hevde at dette legemiddelet har vore med på å revolusjonere behandlinga for dei pasientane som har fått det.

Favorittfarmasøyt
Margrethe Sunde, kjededirektør i Apotek 1 – ein dyktig farmasøyt med gode personlege eigenskapar. Ho frontar farmasifaget utad på ein framifrå måte. Her kan vi lære mykje!

Kvifor eg ikkje er NFF-medlem
Som tilsett i industrien ser eg ikkje kva NFF kan gjere for meg. Foreininga jobbar jo nesten utelukkande for apotek.

Kvifor eg vart farmasøyt
Noko tilfeldig. Eg hadde søkt medisin i Irland og farmasi her heime. Då eg vart kalla inn på intervju til medisinstudiet, var eg på backpackartur i Thailand ... Så slik gjekk det.

Aktuell som
Ganske ny leiar for Farmasøyter Uten Grenser (FUG).

Men før vi utbroderer denne tilsynelatande janustendensen, må vi kome til botnen i ei anna sak: FUG-leiar og Remicade-seljar Anne Sveaass kunne vore lege, hadde ho ikkje tatt på seg sekken og reist til søraust-Asia våren 2002. Er myten altså sann, at alle farmasøytar helst ville vore doktor?

— Haha, nei det håpar eg verkeleg ikkje! Sjølv har eg i alle fall ikkje angra. Farmasøytar er som poteten og kan brukast til alt. Dét er gjevande for meg. Som farmasøyt driv eg dessutan med medisin utan å måtte ha kontakt med pasientane. Det er også heilt greit, ler Anne Sveaass.

Med dét ute av verda, og samstundes sidan vi no er så godt i gang med å avlive mytar, kan ho kanskje kommentere den åpenbare dissensen som ligg i dei to rollene ho har som farmasøyt?

— Veit du, eg har slutta å la meg provosere når andre farmasøytar spør om det ikkje går ut over truverdet mitt som farmasøyt å jobbe med sal. Desse haldningane har gått ut på dato. Dei er fordommar basert på rein uvitenheit, tordnar ho kokett.

— Det er heilt stuereint å jobbe med sal i dag, understrekar ho.

— Vårt mål er også å sørgje for at rett legemiddel kjem dei rette pasientane til gode til rett tid.

Slik sett jobbar ho altså mot same mål som alle andre farmasøytar og heilt i tråd med intensjonane i legemiddelmeldinga. Berre at dette gjeld deira eigne legemiddel sjølvklart.

— Nye, rigide reglar for samhandling mellom legar og legemiddelindustri sørgjer dessutan for profesjonalitet og nøkternheit heile vegen. Alt er regulert no, og det er ikkje minst legemiddelselskapa glade for: Omdømmet vårt har forbetra seg og legane sine forventingar til gåver og turar frå oss er redusert. No konsentrerer vi oss om fag når vi møtest, fortel Sveaass.

— I møta med legespesialistane er eg først og fremst ein seljar av kunnskap. Eg kan Remicade og effekten av den, legane kan pasientane og behova deira.

Slike møter vert det mange av i løpet av eitt år. I fjor hadde ho 65 overnattingar vekke. Så kjem dagsturane. Tre reisedagar i veka er vanleg. No reiser ho i tillegg rundt i Norden og treff andre FUG-leiarar.

— Kva vil du med FUG?

— Allereie den dagen eg høyrde at FUG skulle etablerast, tenkte eg: «Yes, dette vil eg vere med på!» Som farmasøyt meiner eg vi har ei plikt til å gjere noko større; vere til hjelp utover eigne landegrenser. Og det er utruleg kor lite som skal til for å utgjere ein forskjell. Det skulle eg ønskje fleire fekk sjå med eigne auge.

Sjølv har ho sett det, under eit studentopphald i Mali. Og ho veit det ut frå gode resultat på FUG sitt eige Zambia-prosjekt.

— Når eg no har tatt på meg leiarvervet er det fordi eg så gjerne vil at FUG skal gå bra! Men vi har mykje arbeid å gjere.

— Som?

— Å sette oss klare mål og nå dei. No har vi til dømes 200 medlemmer, ei halvering frå i fjor. Eg vil attende til 400. Og så må vi styrke Zambia-prosjektet, leggje eit enda betre fundament for vidare arbeid. Eg trur til dømes vedvarande og grundig evaluering er avgjerande for ei positiv utvikling, avslører leiaren.

Så retter ho ryggen og seier med ekstra klår diksjon:

— Og vi må gjere FUG meir synleg.

— Vi må auke kjennskapen til og kunnskapen om organisasjonen. Verte meir tilgjengelege. Eg trur det er mangefarmasøytar som ikkje veit om oss.

— Korleis skal de gjere det?

— Vi har allereie døypt om nettgruppa vår til mediegruppe og auka informasjonsverksemda overfor bransjen. No må vi kome oss meir ut i media.

Seier ho til journalisten. Som kvart augneblikk skal be ho gjere seg klar til fotografering.

(Publisert i NFT nr. 11/2009 side 30–31.)