Farmasiens matchmaker
Ingenting varmar Rønnaug Larsens hjarte meir enn når farmasøytar finn kvarandre. Og ho hjelper gjerne til.
Rønnaug Larsen
Alder: 43 år
Sivil status: Singel
Utdanning: Cand.pharm. frå UiO
Arbeidsstad: Norsk Farmasøytisk Selskap
Framtidas legemiddel: Genterapi og individualisert medisinering er her og vil auke.
Fagleg forbilde: Eg let meg stadig inspirere, eg, men min andre sjef, Kari Horvei, lærte meg mykje om leiarskap, om å ha eit mål med det ein gjer og om å vere modig; stå for det ein trur på.
Kvifor eg er NFF-medlem: Eg synest det er viktig å vere organisert. Gjennom foreininga held eg meg orientert om kva som skjer og ho gir meg arbeidsrettsleg tryggleik – sjølv om eg aldri har vore i nærleiken av å trenge juridiske tenester.
Kvifor eg vart farmasøyt: Eg er blant dei som i utgangspunktet ville bli lege, men før eg søkte meg inn dit, tenkte eg meg godt om og fann ut at det var kva som skjedde inni kroppen som var mest interessant for meg.
Aktuell som: Farmasidagane-vertinne
Mantraet «Fleire synlege farmasøytar i samfunnsdebatten!» dansar mellom veggane i tredje etasje i Apotekernes hus på Majorstuen. Der også.
— Skape møtestader. Sørge for at folk innan bransjen finn kvarandre, seier dagleg leiar Rønnaug Larsen med sylskarpe r-ar.
— Dét er den viktigaste funksjonen til Norsk Farmasøytisk Selskap. Det vil føre til at farmasøytar vert meir synlege.
— I dag sit vi på kvar vår haug og syslar med vårt. Frykteleg dumt sidan vi er så små. Vi må samarbeide! Om vi samlar oss og byrjar å snakke saman, blir vi sterkare som faggruppe og etter kvart tydelegare. Også for ålmenta.
— Kvifor skal farmasøyten på død og liv vere så synleg?
— Fordi vi vil gjere oss gjeldande. Slik at vi kan bidra på fleire områder både i helsetenesten og i samfunnet elles. Kor ofte har du høyrd om farmasøytar som har engasjert seg politisk? spør Jølster-jenta, no med kvintforhøga stemmeleie.
I eitt og eit halvt år har ho vore marionetteleiar for norske farmasøytar, og ho elskar det. Under hennar leiing har NFS starta nettverksgrupper for kvalitetsfarmasøytar og farmasifagleg ansvarlege. Fordi dei treng å vite om og dra vekslar på kvarandre. NFS har også satt i gong ei mentorordning, der nyutdanna farmasøytar vert kopla saman med gamle travarar for å få rettleiing i byrjinga av karriera si. Ho er dessutan sekretær for Etikkrådet, FUG, FIFN og Farmasihistorisk selskap. Ikkje minst koordinerer ho dronninga av alle farmasifaglege møtestader i Noreg; Farmasidagane.
— Kva ønskjer du Farmasidagane skal vere for den einskilde farmasøyt?
— Der vil eg ho skal kjenne pulsen på farmasien, både den nasjonale, den internasjonale og den seksjonsspesifikke. Og så håpar eg dagane gir henne påfyll og inspirasjon. Dei fleste av oss er i jobbar der vi gir og gir. Ein slik møtestad skal fylle oss opp, seier Larsen.
Påfyll er noko ho ivrar veldig for. NFS er til dømes ikkje framand for tanken om å arrangere QP-kurs etter britisk lest dersom interessa er der og dersom dette kan auke talet kvalitetsarbeidande farmasøytar i Noreg.
— Vi vurderer dessutan eit kurs i prosjektplanlegging, slik at aktørar på feltet kan setjast i stand til å skape noko sjølve, på eigen arbeidsplass.
Rønnaug Larsen var ein flittig brukar av VETTs kurs og har sjølv jobba som universitetslektor ved Farmasøytisk institutt. Ho er blant dei som er optimistiske kva gjeld vidare- og etterutdanningsmoglegheiter i framtida.
— Eg trur bra løysingar vil dukke opp, og vonleg løysingar basert på tverretatleg samarbeid. Aller viktigast vert å sikre god kvalitet på dei tilboda som kjem, seier Larsen.
Sjølv har ho nett tatt til på praktisk-pedagogisk utdanning for å få «teori bak praksisen», men ho ser ikkje for seg å bli etterutdanningspedagog.
— NFS vil gjerne spele ei rolle i å sikre gode vidare- og etterutdanningstilbod for farmasøytar, men vår rolle skal først og fremst vere å knyte saman og ikkje sjølv drive med undervisning, presiserer ho.
— Du er også leiar for den største krinsen i NFF. Skaper dei forskjellige farmasihattane dine forvirring?
— Ikkje for meg, eg jobbar alltid fullt og heilt for den gruppa eg til ei kvar tid representerer. Men rolleskiftene kan skape misforståingar for andre. Eg kan til dømes blitillagt ein agenda eg ikkje har. Så det er viktig å vere klar over kva «hatt» eg har på meg i møte med andre.
— I fjor haust, til dømes, var eg som NFFar med på alle møta i samband med farmasøytrekvirering av Tamiflu og Relenza. Fint for NFF. Ikkje så fint for NFS og Farmasidagane, sidan rekvireringsretten vart gitt akkurat då konferansen starta. Som arrangør av Farmasidagane kunne det vore fristande å be om utsetjing, men som helsearbeidar og som farmasøyt som først og fremst jobbar for farmasiens og folkehelsas beste var det viktigast å kome i gong med rekvirering fortast mogleg.
— Til sjuande og sist jobbar eg jo berre for denne eine saka.
(Publisert i NFT nr. 10/2010 side 32–33.)