Per Olav Kormeset

Alder: 47 år

Sivil status: Gift

Utdanning: Cand.pharm frå UiO, master i management frå BI

Arbeidsstad: Sykehusapotekene HF, områdedirektør aust

Favorittmedisin: Casodex, mot prostatakreft. Dette legemiddelet har eg fulgt frå eg starta fase 2-studiar på det i 1989 og til i fjor, då det fekk generisk konkurranse.

Favorittfarmasøyt: Håvard Selbye Ebbestad. Han er ein effektiv leiar som samstundes klarar å ha gode relasjonar til folk ikring seg; han får ting til å skje utan å bråke så mykje med det.

Kvifor eg ikkje er NFF-medlem: Foreininga har ikkje vore og er ikkje relevant for meg. Og kva er NFF eigentleg – ei profesjons- eller fagforeining?

Kvifor eg vart farmasøyt: Kjemi var favorittfaget mitt på gymnaset og eg vurderte studiar ved NTNU. Samstundes hadde eg lyst til å studere medisin. Men i saniteten under militærtenesten møtte eg fleire farmasøytar som fekk meg til å innsjå at eg kunne kombinere desse to interessene. Slik blei det farmasi.

Aktuell som: Har nyleg skifta side ved farmasibordet.

— Noreg utgjer éin prosent av legemiddelmarknaden i Europa, poengterer Kormeset, tidlegare direktør for legemiddelindustrien og noverande områdedirektør for sjukehusapoteka.

— Då er det ikkje så rart at vi ikkje får internasjonalt fokus, seier han.

Med alt av meining han måtte legge i det utsegnet. Nedskjeringane i industrien? Manglande interesse for å investere i næringa? Den norske prispolitikken? Gud skal vite at han har prøvd.

— Og den merksemda vi faktisk får, ho er negativ. Fordi styresmaktene har vore så flinke til å temme legemiddelindustrien. «Kvifor skal verdas rikaste land ha dei lågaste legemiddelprisane?» spør dei der ute. Med rette.

Kormeset har regien. Ein stakkar tilhøyrar rekk ikkje ein gong å smette inn spørsmålet om stein og glashus, før svaret kjem trillande av seg sjølv.

— Sjukehusapoteka har ein klår målsetnad om å sørgje for god legemiddelforsyning så rimeleg som mogleg.

— Men det er morosamt å sitje på andre sida av bordet også, humrar han no, etter tre månader i det offentlege, og skryt uhemma av kompetansen han er omgitt med og den profesjonelle organisasjonen dei er blitt.

Kormeset er i dag resultatansvarleg for sju sjukehusapotek på Austlandet; han er apotekaranes næraste leiar og medspelar. Kormeset, uteksaminert frå UiO i 1988, har jobba 15 år i legemiddelindustrien og fem i Legemiddelindustriforeningen. Igjen er det umogleg å få inn det openberre spørsmålet om relevant erfaring.

Han har førebudd seg.

— Med berre ti månader bak meg i apotek rett etter utdanninga – på Haukeland sjukehusapotek – gjekk eg svært audmjuk inn i denne jobben. Eg kjem nok til å bruke ein del tid på å setje meg inn i korleis kvardagen på sjukehusapoteka er i dag. Endringane sjukehusapoteka har gjennomgått sidan slutten av åttitalet er omfattande.

— I det perspektivet er det eit tankekors at eg no kunne ha tatt meg ein jobb i eit kva som helst sjukehusapotek om eg hadde villa. For når vi farmasøytar er ferdig utdanna, ja, så er vi det på livstid. Alltid kvalifiserte til å utøve faget vårt. Utan formelle krav til vidare- og etterutdanning. Styresmaktene ville synest det var heilt greitt at eg gjekk inn på eit sjukehusapotek og fungerte som farmasøyt. Sjølv om eg altså manglar kompetanse.

— Og no er VETT lagt ned også, sukkar han i same andedrag.

— Eg er spent på kva som kjem i kjølvatnet der. Karen Marie Ulshagen gjer ein framifrå jobb for farmasøytisk fagutvikling, legg han til.

— Men attende til sjukehusapoteka, kva utfordringar ser du der?

— Riktig legemiddelbruk er ei stor utfordring innan helsetenesten som eit heile, og her er det openbert at farmasien kan bidra. Men kva er riktig legemiddelbruk? Her er det store diskusjonar, både når det gjeld kva type legemiddel ein bør bruke og korleis. Polyfarmasi er eitt problem, underforbruk er eitt og feilbruk eit stort eit. Vi må møte alle desse problema.

— Men slik vi har organisert helsetenesten i Noreg, har vi for stor avstand mellom kommune- og spesialisthelsetenesten til å kunne møte dei effektivt.

— I vekslingsfeltet mellom desse sit farmasøyten, anten i eit primærapotek eller i eit sjukehusapotek, og ho kan spele ei viktig rolle, trur han.

— Samhandlingsreforma opnar på dette viset eit vindauge for farmasien. Reforma har mykje fornuftig tankegods i seg.Utfordringa vert å setje ho ut i livet – særleg med den samansetjinga regjeringa har i dag, kommenterer Kormeset.

Og med krava til teieplikt.

— Det er misforstått pasientvern dersom helsepersonell ikkje skal ha tilgang til heile sjukdomsbiletet, meiner han.

 (Publisert i NFT nr. 2/2010 side 32–33.)