Arbeidsoppgåver

  • Øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV.                                                                            
  • Følgje opp og utvikle vidare samarbeid med Helse Fonna. 
  • Ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda.
  • Overordna ansvar for vidare oppfølging av anlegg for ompakking av tablettar og kapslar til eindose. 

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek.
  • Du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek. 

Personlege eigenskapar

  • Du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande fullmakter.
  • Du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget.
  • Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
  • Du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar.    

Vi tilbyr

  • ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
  • gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
  • støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer 
  • løn etter avtale 
     

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no