Svaret kan vere alle desse alternativa. Pasientane er ulike og vil velgje ulikt, noko dei også gjer i dag. Det må farmasien som profesjon og apotek som bransje lytte til.

Treng ein apotek i framtida?

Kunne ein ha tenkt seg ei oppsplitting mellom rein distribusjon av legemidla og fagleg rådgjeving? Altså opphøyr av apoteka slik vi kjenner dei i dag, eventuelt apotek utan farmasøytar? Hadde samfunnet hatt større nytte av farmasøytane andre stader – til dømes tilknytta sjukeheimar og andre delar av kommunehelsetenesta? I ei ideell verd er svaret kanskje ja, men i den kvardagen vi lever i ser det vanskeleg ut. Frå den tida eg sjølv ekspederte reseptar på eit landsens apotek hugsar eg at det i tilfelle med legemiddelmangel og bruk av erstatningsvarer, ofte med avvikande styrke, benemning og språk, var høgst naudsynt med farmasøytisk kompetanse for å ivareta forsvarleg behandling av pasientane.

Korleis er så trenden i dette biletet? Dessverre ser det ikkje ut til å gå i rett retning. Eldre generiske legemiddel har ein forsyningssituasjon som er langt frå betryggjande. Prisbiletet i Noreg kan absolutt vere ein faktor, men samstundes stiller ikkje farmasøytisk industri opp med den grad av stabil forsyning til marknaden som ein bør kunne vente. Dette innbefattar ikkje berre dei kortvarige legemiddelmanglane vi alle merkar i kvardagen, men også at tunge aktørar i bransjen sel marknadsføringsløyva for preparata sine til mindre aktørar som ikkje har det same apparatet når det gjeld produksjon og logistikk. Det medfører at grossistar og apotek får ein større rolle i å sikre innbyggjarane dei medisinane dei treng innanfor ei akseptabel tidsramme. Kan hende er det også på tide at staten må ta ein større rolle innan legemiddelproduksjon og -distribusjon for å sikre innbyggjaranes helse? Ein god del arbeid er allereie utført med å etablere nasjonale beredskapslager av legemiddel – både av kortvarig og meir langvarig karakter. Når det gjeld legemiddelproduksjon, vil ein for eit lite land som Noreg vere heilt avhengig av internasjonalt samarbeid. Ikkje det at vi ikkje skal ha våre nisjeområde og gje våre bidrag, noko også sjukehusapoteka har ein rolle i, men totalen blir altfor omfattande for oss.

Digitalt utanforskap

Digitalt utanforskap eksisterer allereie og vil, med den teknologien som er allment tilgjengeleg per no, halde fram med å eksistere. Dette gjeld ikkje berre dei som aldri har tatt teknologien i bruk, men også dei av oss som har hatt høg digital kompetanse og som grunna sjukdom ikkje er i stand til å halde dette høge nivået gjennom heile livet. Korleis vil framtidsapoteket møte denne pasienten? Beredskapsmessige forhold kan også krevje liknande alternative løysingar som dei vi skal tilby våre lågteknologiske pasientar. Kor mange timar klarar ein å drifte eit gjennomsnittleg apotek utan tilgong til straum og internett? Og korleis vil nettapoteka handtere ein slik situasjon?

Framtidas sjukehus

Sjukehusa planlegg for færre innlagte pasientar, auka bruk av poliklinikk og langt meir behandling i pasientens heim enn det som er tilfellet i dag. Det må apoteka og farmasøytane ta innover seg. Kommunane overtar pasientar med kompliserte legemiddelregime, og det er ikkje alltid rett fram når det oppstår uforutsette hendingar. Her kan farmasøytisk kompetanse komme til god nytte. Kor desse farmasøytane skal vere tilsette er eit ope spørsmål. Direkte i kommunane? I apotek som driv med tenestesal til kommunane? I sjukehusapotek? Det kjem til stadig fleire kommunefarmasøytar i Noreg, og arbeidsoppgåvene femner om alt frå systemretta arbeid til klinisk farmasi i pasientens eigen heim. Apoteka har ikkje hatt noka tydeleg stemme inn mot dette tenestenivået som ligg i skjæringspunktet mellom spesialist- og primærhelsetenesta. Det burde dei kanskje hatt?

Er apoteket eit kunnskapssenter?

Eg forstår at all kommersiell verksemd må ha eit visst fokus på økonomi, men å tyne dei tilsette så dei ikkje er i stand til å utøve faget sitt på ein god måte er ikkje det samfunnsoppdraget apoteka har fått. Dessverre høyrer eg litt for ofte om pasientar som blir sende på dør frå det eine apoteket etter det andre utan å ha fått naudsynt hjelp, anten det er snakk om handkjøpspreparat eller utlevering av reseptbelagt medisin. Med naboapoteket rett rundt hjørna har det blitt for enkelt å sende pasienten vidare. Sidan eg jobbar mykje med legemiddelmangel i det daglege tillet eg meg å minne om at vi har ein bransjestandard for handtering av legemiddelmangel i apotek (1) og at det bør vere heilt sjølvsagt at både noverande og framtidige aktørar i bransjen har implementert denne i sin daglege praksis.

Kva brukar farmasøytane tida si på?

Vi må kunne vente at bransjen snart klarer å utvikle datasystem som reduserer farmasøytanes tidsbruk på intervenering, økonomisk oppgjer og teknisk kontroll i samband med reseptekspedering og ordrehandtering. Dessutan undrar eg meg over at apoteka set farmasøytar til å rydde handelsvarer og å setje opp kampanjar. Greitt nok at ein har meir fleksibilitet i samband med opningstider og ferieavvikling når det er mange farmasøytar tilsett, men kva skjer med apoteket som ein attraktiv arbeidsplass for farmasøytar? Kva har dette å seie for framtidig rekruttering til profesjonen? Vil vi klare å nå dei måla vi set oss om vi ikkje får tak i dei beste kandidatane? Og det er vel inga ulempe for farmasøyten å dele parketten med andre profesjonar, til dømes ein apotekteknikar som handterer logistikken og ein sjukepleiar som kan mykje om sårstell?

Nye oppgåver – og behov for ny kompetanse?

Dei siste åra har apoteka tatt fleire steg som både har bidratt til auka synlegheit i samfunnet og ikkje minst har gitt viktig helsehjelp til innbyggjarane i Noreg. Covid-19 har synt kor viktige vaksinane er i samfunnet vårt, og at apoteka kan bidra til å tilgjengeleggjere vaksinering, er ei god utvikling. Eg håpar også at spekteret av tenester apoteka tilbyr, vil auke. Medisinstart har gitt viktige erfaringar og eit rammeverk som kan nyttast til andre tenester i og utanfor apotek. Eit anna viktig aspekt ved slike tenester er at det knyttar apotek og farmasøytar saman uavhengig av arbeidsgjevar og kjedetilhøyrigheit.

Sertifisering og kvalitetssikring er viktige aspekt når ein femner om nye tenesteområde. Som pasient må ein kunne stole på at ein får god og trygg helsehjelp i apotek, både innanfor apotekas tradisjonelle kjerneområde og innanfor dei nye tenesteområda som apoteka tidlegare ikkje har tilbydd i Noreg. I mangel av obligatorisk etterutdanning for farmasøytar i Noreg har Norges Farmaceutiske Forening etablert ordninga med FEVU-poeng (2) for sine medlemmar. Det er på høg tid å gjere kontinuerleg vidare- og etterutdanning obligatorisk for apotekfarmasøytar også i Noreg slik det allereie er i mange land. Nokre oppgåver vil vere såpass spesialisterte at ein treng ei spesialistutdanning for å vere kvalifisert for å handtere desse. Innanfor sjukehusfarmasien vart spesialistutdanninga vi hadde i Noreg lagt ned, men det pågår eit arbeid i Europa for å etablere ei spesialistutdanning i sjukehusfarmasi som er gjensidig godkjent i EU/EØS (3). Med eit nytt apoteklandskap og handtering av nye oppgåver er det heller ikkje utenkjeleg at spesialisering må til også innanfor primærapotekas virkeområde.

 

Referansar

  1. Apotekforeningen. Bransjestandard. Håndtering av legemiddelmangel i apotek. Versjon 2.0, februar 2021. www.apotek.no/Files/Filer_2014/bransjestandard%20legemiddelmangel.pdf
  2. Norges Farmaceutiske Forening. Farmasøyters Etter- og VidereUtdanning. www.farmaceutene.no/fevu
  3. European Association of Hospital Pharmacists. Hospital Pharmacy CTF Project. www.hospitalpharmacy.eu

(Publisert i NFT nr. 8/2022 side 36-37.)