Helge Th. Offerdahl (1855–1938)

Helge Th. Offerdahl
Foto frå boka (1).

Tekst: Henrik Andersgaard, Oslo, cand.pharm.,
tidlegare apotekar ved Lærdal apotek

Denne artikkelen skal handle om ein kollega frå Indre Ofredal i Sogn. Biografien hans er kjent nok. Offerdahl gav ut memoarane sine i 1934 (1), forfattaren heldt foredrag om han på Internasjonal Farmasihistoriekongress i Granada i 1985 (2), og kollega Rolf Klevstrand heldt foredrag om han i Norsk Farmaceutisk Selskap i 1999 (3). Utdrag av sjølvbiografien har vore på trykk (4), og verket «Norges Apotek og deres innehavere» har brei omtale av apotekar Offerdahl (5). Der er det også referanse til ei hylling i Østlandsposten i Larvik i høve 75-årsdagen hans (6). Det står mykje å lese om Offerdahl i Carl Fredrik Holmboes bok om oljeherdingas historie i Noreg (7), og i sjølvbiografien (1) gir Helge Offerdahl att fleire artiklar han publiserte. Apotekar Knut Spæren i Tønsberg, ein annan av dei store i norsk farmasi, gjev boka god omtale i Norges Apotekerforenings Tidsskrift i 1935 (8).

Difor er livssoga til Offerdahl godt dokumentert, men det er episodar og mindre kjente ting som det kan vere på sin plass å skrive om i eit år der NFF har jubileum. Sjølv om det ikkje er lett å skrive kortfatta når ein skal gje eit bilete av denne særprega mannen.

Livsløp

18.01.1855 Fødd i Indre Ofredal, Årdal kommune i Sogn. Husmannsson
1862–1870 Omgangsskole, arbeid i hjembygda, rorskar for husbonden, Endre Offerdal
08.06.1870 Dreng på Lærdalsørens Apotek
Mars 1873–august 1877 Disippel ved Lærdalsørens Apotek
30.09.1877 Medhjelparprøve for distriktslege Møinichen, Lærdal
Haust Hospitering ved Bergens Tekniske Skole, kjemi, fysikk, norsk
Vår 1878 Medhjelpar, Apoteket Nordstjernen, Bergen
1878–1883 Medhjelpar, Apoteket Falken, Oslo. Farmasøytisk eksamen i 1880 - provisor same stad. Skreiv stilar med Arne Gaborg. Korte opphald i Lillesand samt ved Grünerløkkens Apotek Oslo
1883 Provisor, Svaneapoteket, Stavanger, Apoteket Hygiea, Stavanger, og Svaneapoteket, Haugesund
1886–1905 Provisor, Apoteket Nordstjernen, Bergen
15.09.1905 Bevilling til Svaneapoteket, Larvik
17.05.1938 Går bort under gåtur i Nordmarka


Ved første augekast ser dette ut som ein ganske alminneleg, men litt travel CV. Men så må ein hugse at då Offerdahl levde, så var det å arbeide på apotek noko heilt anna enn i dag: Det var lang arbeidstid med vakter og ein måtte gjerne bu i apoteket. Det å flytte på seg, både for lengre eller kortare periodar, var komplisert og tidkrevjande. Mange farmasøytar venta med å stifte familie av di det var uråd å forsørgje ein familie på løna ein hadde som provisor. Offerdahl fekk kone og to barn. Desse skriv han ikkje anna om, enn at han dediserer boka si til «min datter Kristi med takk for hjertelig omhu for mor og far» (1) - og at han gifta seg medan han budde i Stavanger. Han hadde storomsorg for familien, men dei såg nok ikkje så mykje til pater familias.


Indre Ofredal, sett frå andre sida av Sognefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjemilærdom i ung alder

Det øvste biletet på neste side viser kaia og garden i Indre Ofredal. Husmannsplassen Kleivi, der Helge Offerdahl vaks opp, ligg eit par bratte kilometer opp i dalen. Langs denne dalen ligg dei andre gamle husmannsplassane òg, som i dag er sjølvstendige småbruk. Helge Offerdahl voks opp som husmannsson, men synte seg uvanleg evnerik. Aviser var uvanleg, men husbonden la av og til att eit eksemplar av «Almuevennen», eit vekeblad «til Oplysningens Fremme blandt Menigmand», som kom ut 1849–93 (9). Der fann Helge på 12 år ein annonse for ei lærebok i kjemi, som han fekk låne pengar til å kjøpe via postordre av mor og ein bror. Han vart så oppteken av denne boka, at mora trua med å brenne ho, fordi det ikkje kunne vere bra for guten hennar. Men vi skal sjå at det gjekk annleis.

Disippel i Lærdal

Helge Offerdahl synte seg alltid som ein oppvakt og humørfylt gut. Han fekk tilbod om teneste på Lærdal Apotek som dreng og hestekar som 15-åring, og skikka seg så bra at han seinare vart disippel og fekk medhjelpareksamen, som var den tids reseptar.

Den gongen fekk ein ikkje varer frå kjedegrossisten kvar einaste dag. Varer til utkantstroka kom, og då gjerne frå utlandet, nokre få gonger i året, og vart tinga på førehand hjå agentar som reiste rundt. Så kva skulle ein gjere når båten frå Tyskland med nafta (eter) kom i brann og alle ballongane med nafta måtte kastast over bord så ikkje det skulle bli eksplosjonar og forlis? I 1880-åra var nafta det viktigaste allroundmidlet ein hadde på landet, og nå var ikkje eter å få på heile Vestlandet, så gode råd var dyre. Men Offerdahl og provisor Peder Dille synte seg som kreative karar. Dei fann ei femliters retorte, og med denne kunne dei destillere all den naftaen dei trong frå sprit og svovelsyre. Offerdahl trur sjølv at den neppe heldt prøvene i farmakopeen, fordi dei var forsiktige med rektifiseringa på grunn av brannfaren. Men, publikum likte erstatningsvaren, og klaga på den prøvehaldige naftaen då den kom på lager att. Den reiv ikkje skikkeleg! Uthuset der dei destillerte står den dag i dag bak det gamle apotekbygget i Øyramarki 1. Dette er nå privatbolig, og begge bygningane er freda.

Offerdahl har mange fleire historier frå tida i Lærdal og dokumenterer godt korleis livet i eit landsens apotek arta seg på 1870-talet. Den som vil lese meir, rådast til å gå til kjeldene (1,4).


Svaneapoteket i Larvik frå 1907.

Kjemisk ekstraarbeid

Helge Offerdahl hadde alltid både små og store prosjekt på gang ved sida av apotekarbeidet. Etter at han tok apotekareksamen, tok han på seg meir og meir ekstraarbeid, og det ser ut som om han likte alt han heldt på med, som den glimrande kjemikaren han var. I tillegg hadde det òg med økonomi å gjere. Her er eitt sitat frå då han tok til i Bergen i januar 1886 (1, s. 57):

Lønnen var 100 kr pr måned [...], 2 manns vakt og 2 fridage i uken fra kl 12 middag, når jeg hadde hatt søndagsvakt, den andre uken kun en fridag. En halv time frokost og en timemiddag og fri fra kl 8 aften når jeg ikke hadde vakt, hvis det da ikke var noget som skulle ekspederes om natten, men gjaldt det for eksempel en forsendelse til en lege og denne skulde være ferdig til til dampskibet gikk den neste morgen tidlig, så måtte jeg bli om det så tok hele natten, uten nogen godtgjørelse i penger eller tid.
Dette var jo dårlige betingelser for en mann som hadde hustru og 2 barn å bære ansvar for, men hva skulde man gjøre, noget var bedre enn intet, lønningene var små og arbeidsplassene få den gang.
[...] jeg var vant til å sette tæring etter næring, [...] så jeg skulde nok greie det, men verst blev det for hustru og barn, som dårligere tålte en så hård påkjenning, som denne vilde bli.
Det gikk dette og, til og med bra. [...]

Alt han heldt på med ved sida av lange apotekdagar hadde to tydelege sider, fagleg nysgjerrigheit og å tene ekstra pengar. Det første han tok på seg i tillegg til jobben, var å analysere innhaldet av gull i ertsprøver frå eit nyoppdaga felt på Bømlo («Bømeløen»). Dette gjorde han i fritida og på vaktene og fekk 25 kroner per analyse for jobben. Det kan sjå ut som mykje pengar, men han måtte halde utstyr sjølv, og etter skildringa av korleis eit komplisert arbeid vart gjort, så var det ikkje rare timeløna. Men, gleda hans lyser når han oppdagar mengder på opptil 40 g gull per tonn erts. Sjølv skriv han om denne første ekstrajobben:

Dette var mitt første forsøk på å tjene penger ved kjemiens hjelp. Dette hadde tilfølge, at jeg for fremtiden vilde prøve å praktisere anvendt kjemi ved siden av den praktiske farmasi i apotekvesenets tjeneste, og dette har jeg aldri angret på.

Av alt anna han gjorde attåt jobben fram til han kasta seg over herding av kvalolje, kan nemnast:

  • Agentur for farmasøytiske og kjemiske firma. Eldre kolleger vil hugse Bang & Tegner & Co.
  • Lærar i anatomi og ernæringsfysiologi på ein privatskule
  • Sensor i kjemi ved Bergens Tekniske Skole
  • Konsulentarbeid for tollvesen og politi
  • Rettskjemikar
  • Legemiddelanalyse
  • Analyser av næringsmiddel
  • Undersøking av patologiske prøver
  • Undersøking av radioaktivitet i vatnet ved Larvik Bad

Av og til slo Offerdahl til på eiga hand òg, som då han avslørte eit parti kaffi i Bergen som var forfalska ved at det var blanka med skjellakk for at den skulle sjå ekstra innbydande ut (10). Saka gjekk til forliksrådet, fordi kaffiimportøren ikkje ville akseptere at det var nokon fare med å drikke denne kaffien. Han måtte gje seg for faglege farmasøytiske og medisinske uttaler innhenta av Offerdahl.

Organisasjonsmann

Offerdahl fortel diverre ikkje så mykje om si eiga rolle som fagforeiningsleiar i boka si, kanskje mest fordi han er så oppteken av farmasøytens faglege rolle. Men han har vore viktig for NFF og fagforeiningsarbeidet i Bergen. Det vi kan lese, er at han stifta Bergen Farmasøitiske Forening (BFF) i 1895, og at han var formann for denne med unntak av eitt år, fram til han vart apotekar i 1905. Det finst ikkje tvil om at dei eigenskapane som synest å vere sterke hos Offerdahl, ei intens tru på seg sjølv samt evna til å gjennomføre ting han trudde på, har vore gode å ha. Ein apotekar i Bergen nekta farmasøytane sine å melde seg inn i BFF,og kom med ei ufordelaktig uttale om Offerdahl. Offerdahl kommenter dette slik (1):

Farmasøitenes frie vilje var den gang, og en tid fremover, lenket i en kjede av gull hos denne apoteker. Men kjeden brast, lenken var for svak, og om ikke lenge måtte han bite i det sure eple og erfare, at også hans folk var med og å samle sig om den fane som skulle komme til å vaie over den forening, som den foraktede farmasøiten (altså Offerdahl Forf. anm.) hadde været med å stifte og som alle årene fremover, undtagen året 1898, var foreningens fungerende formann til han blev apoteker i 1905.

Dette er det einaste han skriv direkte om BFF og seg sjølv i boka si, og at han er ein organisasjonsmann, er det ingen tvil om. Offerdahl har òg teke med eit skarpt innlegg, underteikna av Offerdahl, som BFF skreiv i Bergens Dagblad i 1902 (11). Det er avgjort meir å leite etter i NFF sine protokollar.

Apotekar i Larvik

I september 1905 fekk Offerdahl bevilling til Svaneapoteket i Larvik. Han seier at nå ville han slå seg til ro i eit lite apotek på ein fredeleg stad og ha rolege dagar etter mange år med hardt arbeid. Det var nok eit fåfengt håp. For det første måtte han skjere ned på antal tilsette farmasøytar og arbeide mykje i apoteket sjølv. I tillegg tok han på seg eit omfattande arbeid med dokumentasjon av radioaktivitet i det som skulle bli Farris-kjelda. Farris-fabrikken vart starta etter desse undersøkingane, med Offerdahl som kjemisk konsulent.

Kvalolje, De-No-Fa og kvalmargarin

For Offerdahl vart det å lage etande feitt av kvalolje ei oppgåve for livet, frå han gjekk inn i kvaloljeeventyret i januar 1912, til han gjekk bort 17. mai 1938 på tur i Nordmarka, ikkje langt frå Farmasøythytta.

Det stilte store krav til viljestyrken hans, til forhandlingsevner, til diplomatisk framferd (neppe Offerdahl sin største styrke), til forskingsinnsats, omfattande kunnskapar om emnet feittherding i tillegg til store generelle kunnskapar. Det som først og fremst førte til målet, trur forfattaren kjem av at Offerdahl var sta og trassig og hadde ei grenselaus tru på eigne standpunkt. I tillegg er dette ei eventyrleg historie, der Offerdahl sjølv brukar ei ganske tørr og avdempa form i skildringa si.

Han skaffar pengar, to millionar tyske riksmark, som skal brukast til å kjøpe eit tysk patent til på ein metode til å herde kvalolje. Selskapet han set opp med desse pengane er De-No-Fa Aktieselskap, i dag kjent under namnet De-No-Fa Lilleborg. Offerdahl sat i styret, og medan dei andre tenkjer teknisk feitt, så tenkjer Offerdahl at dette må kunne brukast av næringsmiddelindustrien. Han er bitter på andre styremedlemer, som meiner at dette er ein tanke som må reknast blant dei dumme. Det er tydeleg at han skal syne dei noko anna, så han startar opp med å analysere feittet kjemisk, og i 1913 vil han undersøke om kvalfeitt er skadeleg for menneske. Han tilset styrar på apoteket, noko han stort sett har resten av livet. Norsk ekspertise på næringsmiddel rister undrande på hovudet av han, og han må til Berlin for å få dette gjort. Offerdahl tek sjølv del i forsøka, både som forsøksleiar og som frivillig forsøksperson. Dei finn at forsøksdyr utnytter feittet godt, og utan organskader.

Difor vil Offerdahl prøve feittet på menneske. Men det er vanskeleg å finne forsøkspersonar, så han stiller opp sjølv, trass i mange åtvaringar, men det går riktig bra. Dei finn atsmør og kvalfeitt vert utnytta like godt av organismen (1, s. 128).

Eit anna problem er at kvalfeittet inneheld spor av nikkel frå katalysatoren som vert brukt under herdinga. Offerdahl meiner det ikkje gjer noko. For å undersøke det, så et han sjølv 500 mg nikkel per dag i 30 dagar, utan skadelege og påviselege verknader. Seinare lukkast De-No-Fa i å gjere feittet nikkelfritt. Så, etter at kvalmargarinen er prøvd ut på yngre folk òg, blir den brukt som næringsmiddel, og framleis finst det folk som hugsar den – om ikkje med glede når det gjeld smaken. Farmasihistorisk Museum på Norsk Folkemuseum har ei fast utstilling, der Offerdahl er omtala og kvalfeittet vert synt fram.

Taket i Svaneapoteket Larvik

Svaneapoteket i Larvik vart øydelagt av brann like etter at Offerdahl overtok, og han bygde eit nytt og moderne apotek med villa i hagen. Som eit kuriosum nemner eg at denne selde han til Knut Hamsun i 1914, som budde der i to år. Apoteket sto ferdig i 1907. Offerdahl skriv ikkje anna om det nye apoteket enn at (1)

«efter omtrent 8 måneders forløp var vi installert i et godt og praktisk hus efter tegning av arkitekt Biong i Oslo».

Han fortel ikkje om det utsmykka taket, som nå er montert i eitt av romma på Farmasihistorisk Museum på Norsk Folkemuseum. Eg nemner det særskilt, fordi det er så spesielt. Ikkje fordi det er av stor kunstnerisk kvalitet, men fordi forfattaren trur at Offerdahl har ville lage til noko ekstra i apoteket sitt. Ein lokal kunstnar eller dekoratør må ha fått liste over namn, fødsels- og dødsår, og ein slags plan utlevert. Taket er eit kvitt glastak, om lag 7,5 x 4,5 meter, delt opp med eit rutemønster på 48 x 48 cm av 1 cm breie messingstenger. Rundt kantane har taket bilete av personar som er meir eller mindre kjente i medisin og farmasi. Bileta er målte på blått glas, og er 90 x 48 cm. Dei er skilde med messingstenger. I hjørna er det bilete av svaner, 48 x 48 cm, og det er fire lampepunkt litt inn frå hjørna.

Målaren har signert det heile med Jens Thorsen, og er neppe særleg kjent. Han kan ha fått eit oppdrag å gjere, og det ser ut til at han har fått utfalde seg fritt. Ideen med å lage dette er interessant, for apotekar Offerdahl gav apoteket sitt ei lokal utsmykking, der han synte at han òg hadde store kunnskapar om medisinsk og farmasøytisk historie. Her er alt frå Galenus, skytshelgenane Cosmos og Damian (med ombytta helgenattributtar) til mange mindre kjente personar. I alt er det 26 bilete pluss hjørna med svaner. Det er ein del feil i namn- og årstalsgjeving, og dei som er fødd før Kristus har fått fødsels- og dødsår oppgjeve i feil rekkefølgje, til dømes Aristoteles 322–384 i staden for 384–322. Truleg har målaren teke seg friheiter eller ikkje visst betre.

Taket er ein kuriositet som det absolutt er verdt å bruke litt tid på å sjå i Farmasihistorisk Museum. Det vitnar om ein apotekar som gjerne ville markere seg og bli hugsa for noko gjennom lokal utsmykking av apoteket.

Hygiea, naivt og dilettantisk måla. Frå glastaket til Svaneapoteket, Larvik, nå på Farmasihistorisk Museum, Oslo. Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum

Til slutt

Forfattaren har prøvd å gje nokre små utsnitt av det vel dokumenterte, men altfor ukjente livet til ein kollega med store evner og ein dyktig fagmann med kunnskap på mangeområder. Han brukte alt dette som farmasøyt, med ein innsatsvilje og ein sta karakter som førte han langt. I ettertankens bleike klokskap er det lett å vere samd i at verda kanskje kunne hatt mykje større kvalbestand om ikkje Offerdahl hadde klart å utnytte kvalolja som matfeitt. Men, dette var under den industrielle revolusjonen, og bak kvalfangsten låg ei rivande teknisk utvikling.

NFF har mykje å takke organisasjonsmannen Offerdahl for, gjennom arbeidet hans med den første farmasøytiske fagforeininga i Bergen. Dette håpar forfattaren at nokon vil sjå nærare på.

I Larvik var Offerdahl ein kjent og akta mann, sjølv om han reiste mykje, og let styrarar ta seg av apotekdrifta. I ein stor artikkel med bilete i avisa Østlandsposten (6) i Larvik i 1930 vert han hylla på 75-årsdagen. Signaturen -ph skriv i blomstrande vendingar blant anna:

Det er mange som i dag vil sende apotekeren sine sympatiske tanker. Skjønt fri for store bravader og ethvert offentlig liebhaberi, har hans posisjon i byen vært sikker, og av den art, at han fikk mange gode og fortrolige venner. Har han gjennom de titusener av resepter, som er ekspedert over Svaneapotekets skranke, lært å kjenne menneskelig fysikk og skrøpeligheter, har han ikke forsømt å gi av sitt eget hjertes digitalis, hvor ellers persona grata var i orden.

Det er ingen dårleg attest å få frå sitt eige lokalsamfunn. Forfattaren har gjort seg tankar om korleis apotekar Helge Thomassen Offerdahl ville passa inn i dagens apoteksystem, og trur fagmannen ville ha mistrivst som handelsvare- og gåveseljar. Han var vitskapsmann, hadde ei klokkartru på utdanning og praksis, og han hadde mottoet (1, s. 81): «Farmacia soror medicinæ, non ancilla» («Farmasien er/skal være medisinens søster, ikke dens tjenestepike»). Det var progressive tankar då Offerdahl levde. Dei står seg den dag i dag.

Referansar

  1. H. T. Offerdahl: Korte erindringer fra en svunnen tid. Ant. Anderssens Trykkeri, Larvik 1934.
  2. H. Andersgaard: Apotekar Helge T. Offerdahl. Grunnleggjar av den norske kvaloljemargarinindustrien. Norges Apotekerforenings Tidsskrift 94, 236 (1986).
  3. Rolf Klevstrand: Helge Thomassen Offerdahl (1855–1938). Apoteker og pioner på fettherdingsområdet. Cygnus, En norsk farmasihistorisk skriftserie, hefte 5, 21 (2000).
  4. Ibid, 27.
  5. Norges Apotek og deres innehavere b. III, 39 (1954).
  6. Østlandsposten 49, 17. januar 1930.
  7. C. F. Holmboe: En norsk innsats i forskning og teknikk. Trekk fra oljeherdningens historie. Oslo 1947.
  8. Knut Spæren: Offerdahls bok. Norges Apotekerforenings Tidsskrift, 43, nr 5 (1935).
  9. http://no.wikipedia.org/wiki/Almuevennen
  10. H. T. Offerdahl: Om kaffens forfalskninger. Bergens Tidende, 33, 19.4 1901.
  11. Referert i 1: Bergens Dagblad nr. 110, april 1902.

(Publisert i NFT nr. 3/2008 side 30–33.)