Hvem er du, og hva betyr etikk for deg? Hvilket forhold har du til etikk i arbeidshverdagen?

— Eg er utdanna cand.pharm. frå Universitetet i Oslo i 2006. Eg har jobba innan ulike delar av sjukehusfarmasien og er tilsett ved Sykehusapotekene Oslo (50 prosent av stillingen er utleigd til Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetjenesten). Eg har også vore engasjert i Norske Sykehusfarmasøyters Forening der eg har vore vara- og styremedlem i fleire år samt leiar i fem år. Etikk for meg er å handle rettferdig og konsistent uavhengig av kulturell eller sosioøkonomisk bakgrunn, personkjemi, framtoning eller arbeidspress. Dette gjeld både overfor pasientar, anna helsepersonell og andre aktørar som grossistar og leverandørar. Det er mange prosessar innan legemiddelområdet som manglar transparens, og det kan særleg gjere pasientane usikre på om dei får optimal behandling.

Erfaringsmessig har språkutfordringar vore ei kjelde til usikkerheit om aktuell behandling er forsvarleg – har pasienten fått formidla all nødvendig informasjon til legen før valet av behandling vart gjort?

Kan du nevne et etisk dilemma du har opplevd i ditt arbeid og si litt om hvordan du løste situasjonen?

— Då det for ei tid tilbake var mangel av ei cellegift (bleomycin) som blir brukt til unge pasientar der dei aller fleste blir friske, vart det kamp om varene på den internasjonale marknaden. Vi lukkast i å skaffe eit vareparti til Noreg, som eigentleg var halde av for ein annan marknad i ein annan verdsdel. Det var nok ikkje berre pengane som var avgjerande her, men truleg også at vi har eit nasjonalt senter som handterer legemiddelmangel i spesialisthelsetenesta som jobbar proaktivt og som kan agere raskt ved behov. Denne kuppinga av det aktuelle varepartiet gav meg dårleg samvit både undervegs og i ettertid. Det etiske dilemmaet som sådan vart ikkje løyst, men eg har blitt meir bevisst at slike problemstillingar kan oppstå og vil i framtida prøve å handle rettferdig når det er innanfor rammene for kva eg kan påverke. Dessverre har det i andre mangelsituasjonar komme føringar om at internasjonal solidaritet og måtehald ikkje skal vektleggjast, men at vi skal kapre det vi får tak i. Det er etter mi meining ein uklok strategi som kan straffe oss seinare.

Hva forventer/trenger du av Etikkrådet for farmasøyter i Norge, og hvordan kan Etikkrådet bidra til å løfte etisk bevissthet for farmasøytprofesjonen?

— Eg ventar at Etikkrådet er synleg innan farmasien, både digitalt og ved å delta på arrangement som Farmasidagene. Det er viktig å ha eit forum som løftar etiske diskusjonar sidan det er lite fokus på det frå arbeidsgjevars side. Etikkrådet har også ein rolle i å gje oss verktøy for og opplæring i etisk diskusjon.

(Publisert i NFT nr. 7/2022 side 12.)