Apotek i 2040 – kva er det?
Er det ei luke i veggen i eit byrom der du får henta ut legemidla dine kombinert med faglege råd gitt via ein chatte-funksjon basert på kunstig intelligens? Er det eit butikklokale i ein by eller ein tettstad der du kan gå inn og få helsehjelp av autorisert helsepersonell ansikt til ansikt utan å ha tinga time på førehand? Er det å få ei pakke levert på døra i kombinasjon med lett tilgjengelege faglege råd – inkludert høve til å få snakke med ein farmasøyt om ein har behov for det?